This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Nærmare 430 tannlege- og tannpleierstudentar frå Norden er i Bergen denne helga. Men rotfyllingar og hol blir heller lite prioritert.

Det er ikkje mange studieretningar som har like nære band som tannlegestudentane. Torsdag starta årets odontologiske leikar (OL) med storstilt parade frå Bergenhus festning til Muséplass.

Lavterskel-OL

– Denne helga så er det dei odontologiske leikar som er eit arrangement for tannlege- og tannpleiestudentar i Bergen og samtlege studiestadar i Skandinavia som har dette studietilbodet. Det varierer frå år til år kva by som arrangerer OL – og i år er det oss, fortel tredjeårsstudent og OL-general, Henrik Falch.

Totalt er det 430 studentar frå Noreg, Sverige og Finland som er med på arrangementet som kan skilte med millionbudsjett og sjampanjeføring. Danmark sende ikkje nokon representantar i år, medan Island ikkje har for vane å vere med i gode selskap.

– Det er vel eit lavterskel-OL. Vi har nokre leikar som minner litt om ei 17. mai-feiring på barneskulen, og så har vi nokre leikar som ikkje høyrer heime på ei 17. mai-feiring, for å seie det fint, seier Falch og ler.

Foreiner studentane i Norden

– Kvifor har tannlegestudentane sitt eige “OL”?

– Det er vanskeleg å sette ord på, men det blir jo skapt ei sosial tilknyting mellom alle byane i Skandinavia som har tannlegestudiar. Vi har jo søsterbyen vår Göteborg her, og kvart år er vi berre saman. Det seier litt om dei relasjonane og det vennskapet som kan dannast i løpet av dette arrangementet, seier OL-generalen.

Niko Hoikkala, frå universitetet i Åbo i Finland, følte også på dette fellesskapet.

– Det er viktig for oss finnar, svenskar og nordmenn som studerer det same å møtast som dette. Eg forventar å få mange nye venner denne helga – som desse jentene her, seier Hoikkala og peikar på ein bukett med studentar frå Göteborg.

“Må ikke tildekkes”

Trass i at mykje av kommunikasjonen under arrangementet foregår på norsk føler Hoikkala og hans medstudentar seg trygge på at dei kan nok norsk til å klare seg.

– “Må ikke tildekkes” er det mest kjende norske uttrykket i Finland, seier Hoikkala sjølvsikkert, og viser til den norske standardfrasen som står på nordiske varmeomnar.

I løpet av helga har det blitt mykje moro – og kanskje vel mykje også. For då leikane starta fredag formiddag enda tannlegestudentane opp med å bli jaga vekk frå Krohnsminde idrettsplass av politiet. At dei hadde leigd bana av kommunen hjalp lite då det vart i overkant mykje rølp på tartandekket utanfor Årstad videregåande skole.

Kommentarer