This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Natt til 10. november 1938 intensiverte Nazi-Tyskland forfølginga av jødane i landet. 78 år seinare er dette ei hending som framleis er viktig å markere, meiner Embla Isafold Stålesdottir frå Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom.

– Vi har framleis antisemittisme og xenofobi i Noreg og i Bergen, og difor er dette viktig, seier ho.

Breidt samarbeid
Dei siste åra er det Norsk Folkehjelpe Solidaritetsungdom som har hatt hovudansvaret for det praktisk rundt minnemarkeringa. Dette tyder på ingen måte at dei er åleine om å dra lasset:

– Vi har med oss 25 andre organisasjonar som bidreg til å arrangere dette. Vi har med oss politiske parti frå både venstre- og høgresida, samt religiøse og ikkje-religiøse organisasjonar, fortel Embla.

Sterke apellar
Dei rundt 200 oppmøtte fekk høyre sterke apellar frå scena på Festplassen. Tidlegare flyktning Ali Watti og Joakim Aadland frå Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LHH) kunne begge snakke om viktigheita av eit inkluderande samfunn. Sølva Nabila Saxelin frå Bergen Moské snakka om det å vere muslim i Noreg, og om “nett-troll” som heller vil kaste ut alle innvandrarar enn å gjere ein innsats for å bli kjende med dei. Dei ivrige nett-debattantane vart òg nemnde av Sebastian Schwalbach frå Kirkens Bymisjon.

– Eg gjorde det ein aldri burde gjere, eg las kommentarfeltet på ein artikkel om innvandring. Der er så mykje galt, seier han.

Vidare oppmoda Schwalbach om å heller snakke med innvandrarar enn om dei.

– De veit ikkje kor mykje ei lita helsing kan gjere, formanar han.

Klar tale 

Hovudapellant var tidligare NRK-korrespondent Hans-Wilhelm Steinfeld. Med ein familie som vart direkte råka av Nazi-Tyskland sine framstøt kunne Steinfeld gje ei god historisk utgreiing av hendingane med referansar til si eiga slekt. Fleire i familien vart sende til Auschwitz til konsentrasjonsleir under Andre Verdskrig. Steinfeld, som understerkar at dette kunne ha skjedd i dag, er klar i si tale om kva som er forventa av dagens samfunn for å unngå det.

– Vi må aldri tillate nazisme eller facisme, meiner han.

Kommentarer