This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Stortinget har satt nye krav til lærarar, og desse krava vart gjeldande frå 1. august. I tillegg til å forandre sjølve lærarutdanninga har vedtaket òg tilbakevirkande kraft, som betyr at ei rekke ferdig utdanna lærarar vert råka.

– Det er feil å hevde at desse lærarane ikkje er kompetente, seier Henrikke Grødem Reine, leiar i Pedagogstudentane Bergen.

38.000 råka 

Heilt sidan dette kravet vart fremja av regjeringa, har Pedagogstudentane vore motstandarar. No må 38 000 lærarar tilbake på skulebenken, sjølv om dei allereie har mange år med erfaring. Grødem Reine påpeikar at den reelle kompetansen til desse lærarane er høgare enn det dei manglande studiepoenga tilseier.

Usikker framtid

For studentar som er under utdanning no har krava òg mykje å seie.

– Informasjonen om dette har vore dårleg, seier Kathrine Dalane. Ho er under utdanning, og med nye kompetansekrav veit ho ikkje korleis ho vil bli målt opp mot nyare utdanna lærarar i framtida.

– Eg veit ingenting om korleis eg står om 10 år, seier ho.

Vidareutdanning er ein god ting

Dalane meiner det er feil å tvinge lærarane tilbake på skulebenken. Når det likevel skal skje, håpar ho at utdanninga får eit fokus på det praktiske.

– Det beste er å få ei utdanning som fokuserer på korleis born lærar best.

Pedagogstudentane er einige i at vidareutdanning er ein god ting, og at det er viktig å stille krav til lærarane sin kompetanse. Det er måten Stortinget har gjort det på som er problemet.

– Dette er ei avgjersle som burde blitt teken i samråd med lærarane og skulane. Dei burde få avgjere sjølve om dei vil ta vidareutdanning eller ikkje, seier Grødem Reine .

Kommentarer