This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Studentrepresentant for likestillingskomiteen ved Universitetet i Bergen, Marius Prytz, er ein av motorane bak debatten som omhandlar kjønnspoeng for menn. Han peiker på at kjønnspoeng er svært kontroversielt, men at det kan vere ei løysing dersom alternative metodar sviktar.

For jenter blir det utdelt to ekstra poeng ved opptak til utdanningar innan teknologi og ingeniørfag, samt maritime fag og landbruksstudium. Guter får kjønnspoeng ved to anledningar, opptak til veterinær- og dyrepleierutdanning. Opptaktstall frå database for statistikk om høgare utdanning viser at det i haust var 49 197 menn som starta høgare utdanning i Norge. Medan det i same periode vart tatt opp 73 150 kvinner.

Kjønnspoeng kan vere eit alternativ
Nestleiar,og Fag- og utdanningsansvarleg i Studentparlamentet ved UiB, Susann Strømsvåg, meiner at det er positivt at ein prøvar å utjamne store skeivfordelingar av kjønn på studier. Likevel peiker ho på at ein bør vurdere andre alternativ før ein tyr til kjønnspoeng.

– Det finnast mykje ein kan gjere. Ein kan for eksempel arrangere gutedagar ved universiteter og høgskular, eller for eksempel ha ei selektiv rekruttering på ulike studier.

Strømsøy nemner i fleng. Ho trekker også fram at det kan vere nyttig å sjå på ulike holdningskampanjar som virkemiddel for å rekruttere det underrepresenterte kjønn. Dette er Prytz einig i. Han meiner at ein må få bukt med stereotypiar som er assosiert med dei ulike studia, for eksempel i omsorg- og helsefag.

– Eg forstår at det kan virke urettferdig at gutar kan gå forbi skuleflinke jenter, ved å få to ekstra poeng. Samstundes bør ein klare å sjå forbi seg sjølv, og tenke på kva som eigentleg er det viktige i denne saken.

Prytz meiner at det er spesielt viktig at menn får ein høgare representasjon i helsefag og i profesjonsstudium som psykologi og medisin.

– Eg meiner til dømes at pasientar bør kunne velje om dei vil gå til ein kvinneleg eller mannleg lege, det synes eg er eit utruleg viktig argument.

Fokus på det som er viktig
Strandskog er nestleiar i Hordaland Unge Høyre. Han ser ingen grunn til at kjønnspoeng bør vere eit alternativ.

– Det viktigaste bør vere at ein får behandling, ikkje kven ein får behandling av, meiner han.

– Dei jentene og gutane som søker høgare utdanning har jobba hardt for å komme inn på ønska studie. Då blir det feil at nokon skal få fordeler fordi de enten er kvinne eller mann, seier Strandskog.

Han meiner at det viktigaste er å finne årsaken til den skeive kjønnsfordelinga, men at ein ikkje kan endre holdningar ved hjelp av politiske vedtak.

Ikkje er behandla i likestillingsutvalet ved UiB.

Prytz fortel at saken ikkje er behandla i likestillingsutvalet ved UiB.

– Vi ser på ulike tiltak. Men vi har ikkje kome fram til eit standpunkt i denne saka.

Studentrepresentanten for likestillingskomiteen er klar på at dette ikkje bør vere ein debatt som fokuserer på enten for eller i mot kjønnspoeng.

– Ein bør fokusere på det som er viktig, nemleg korleis kjønnsubalansen påverkar samfunnet, avsluttar han.

 

 

Kjelde for grafikk i reportasjen: samordna opptak

Kommentarer