This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Ho vil ikkje ha sympati. Det får ho i frå nære venner og familie. Isabelle (22) sin motivasjon for å dele denne personlege historia er ein tanke og eit ønske. Kanskje det kan bidra til at andre unngår å hamne i same situasjon som ho sjølv var og er i.

Isabelle var vand med å klare alt. Skule, jobb, trening, venner og familie. Ho var effektiv. Grunnleggande behov som søvn og mat vart ikkje prioritert.

– Eg føler meg veldig sikker på at det er mange unge i dag som kan kjenne seg igjen i denne måten å leve livet på, og som dermed er i faresonen for å oppleve noko som dei kanskje ikkje visste kunne skje, seier ho.

I si eiga boble

Ho trur og håpar at ein ikkje må erfare for å forstå. Kanskje kan det vere nok å høyre ei historie om kor gale det kan gå. Likevel er ho den fyrste til å innsjå at det ikkje er enkelt å bedømme sin eigen situasjon.

– Eg var i mi eiga boble, eg nekta å høyre på kva andre rundt meg sa. Eg tenkte at dei umogleg kunne vite kva som var best for meg, eg visste jo best sjølv, seier Isabelle med oppstemt stemme.

Venner og familie var ofte bekymra og råda Isabelle til å roe ned. Men Isabelle følte ikkje behov for kvile, ho hadde energi og driv. Ho tenkte ikkje at det var noko gale med kvardagen hennar. Alle andre hadde det slik, og ho hadde alltid hatt det slik sjølv.

– Det er ikkje nødvendigvis alt det fysiske ein gjør som fører til stress. For min del var det vel så mykje alt som skjedde i tankane. Eg fekk aldri fred i frå meg sjølv, forklarar ho.

Allergisk mot stress

Etter eit hektisk vårsemester på jusstudiet i 2014 skulle ho endeleg på sommarferie i Spania. Ho skulle gjøre det som var så bra for kroppen. Ete godt og sove lenge. Under ein familiemiddag skjer det noko uventa og skummelt. Ho spyr, får ikkje puste og mistar brått følelsen i armar og bein.

–  Eg hadde ingen aning om kva det kunne vere. Vi slo oss til ro med at det mest sannsynleg var ein allergisk reaksjon på nokre tablettar eg nylig hadde begynt på.

Med uvisshet i bagasjen reiser ho tilbake til Noreg og heimstaden Måløy. Allereie dagen etter heimreisa kjem anfallet på nytt.

– Eg var hjå ei venninne då det skjedde igjen. Venninna mi og mor hennar er sjukepleierar, men dei hadde aldri sett noko slik ført, seier Isabelle alvorleg.

Ho vart kjørt til legevakta, der fekk Isabelle beskjed om at det mest truleg var ein allergisk reaksjon. Isabelle tok allergimedisin og reiste heim att. Seinare same dag fekk ho eit nytt anfall. Ho vart sendt til sjukehuset på Nordfjordeid, og vidare til Førde. Der blei ho liggande på nevrologisk avdeling i ei veke.

– Då dei ikkje fann noko på prøvene byrja dei å spørje meg om livet mitt og kvardagen min. Etter mykje om og men kom legane fram til at anfalla var stressrelatert, fortel ho.

Isabelle vart skriven ut av sjukehuset og måtte lære seg å takle situasjonen på eigen hand. I lang tid følte ho ofte at ho mangla oksygen. Ho brukte ein pose fleire gonger om dagen til å puste i. Ho orka ikkje å snakke og tålte verken lys eller lyder. Heile sommaren låg ho i senga si, utan å få sove.

Det må vere noko meir alvorleg

– Eg vart sjølvsagt letta over at eg ikkje hadde ein svulst på hjernen eller eit hjerteproblem. Men samtidig skulle eg gjerne hatt to strekar under svaret, seier Isabelle.

Ho strevde med å forstå korleis dei sterke fysiske symptoma berre var relatert til stress. Var dette verkeleg noko ho sjølv hadde påført seg? Vendepunktet kom då ho fekk forklart av ein lege kva stress kan gjøre med kroppen.

–  Eg fekk forklart at produksjonen av både kortisol og stresshormonet adrenalin var blitt alt for høgt. Då eg var på ferie hadde kroppen endeleg sjanse til å seie i frå, forklarar Isabelle.

Det var vanskeleg å forstå og ho var i ferd med å takle denne situasjonen slik som ho alltid gjorde.

– Eg tenkte på kva eg kunne gjort annleis. Eg tenkte at eg har ikkje hadde vore god nok og sterk nok. Det var eit vendepunkt for meg at venninna mi sa til meg; nei, det er omvendt, du har vore sterkt alt for lenge.

Dyr lærdom

I etterkant har Isabelle gradvis klart å akseptere kva anfalla dreier seg om, men det har vore vanskeleg å ikkje gå tilbake til same mønster ettersom ho ha følt seg friskare.

– Når anfalla kjem, som dei fortsatt gjør av og til, så veit eg at det ikkje er farleg, det må bare få skje. Samtidig så tar eg det alvorleg fordi eg veit at kroppen prøver å gi beskjed om at eg må roe ned, forklarar ho med eit blikk i andletet som fortel at dette er viktig for ho å hugse på.

Konsekvensane i etterkant av hendinga er mange, men dei skal ho overkomme. Det vil berre ta litt tid og tolmodigheit. Ho har til dømes missa sitt kull og må ta skuleåret over to år. Samtidig har ho lært seg å nyte livet på ein annan måte. Likevel er det uvant å ikkje møte kvardagen i same tempo som ho alltid har gjort.

Eit eksempel til ettertanke

Isabelle sitt beste og viktigaste råd er å lytte. Både til kroppen, men også til menneskjer som kjenner deg godt. Dei fysiske reaksjonane kjem ofte etter det har gått for langt, og da blir vegen vidare tøff, åtvarar ho.

–  Eg veit at dei fleste tenker at det ikkje vil skje med dei. Eg meiner at ein må tenke  “Det kan faktisk skje med meg”, rådar ho.

Den bestemte jusstudenten vel å fokusere på det positive og tar med seg viktige erfaringar i kampen vidare.

–  Eg har lært meg å setje pris på dei små augeblikka i livet. Det høyras ut som ein klisjé, men det er faktisk heilt sant, seier ho lattermild før ho brått blir alvorleg att. Grunnen til at eg fokuserer på det positive er at det må ein når ein hamnar i ein vanskeleg situasjon. Likevel så unner eg ingen å oppleve det same, seier Isabelle.

Ho oppmodar om at ein må tørre å vere litt meir egoistisk i kvadagen. For eksempel ved å seie nei til det ein ikkje har lyst til. Den evige jakta på balanse er ikkje enkel, men den er viktig å holde fokus på.

– Det er sjølvsagt ei kjempegod innstilling at ein skal gjere alt best mogleg, men ein kan ikkje vere best på alle områder. Ein stor del av stresset er ofte den dårlege samvittigheten ein har fordi ein ikkje kan gjøre alle fornøgd, avsluttar Isabelle.

Isabelle er heilt sikker på at ho ikkje er aleine om denne mentaliteten. Difor håpar ho at dei som kan kjenne seg igjen kan ha denne historia i tankane, og kanskje på den måten unngå å måtte gjere si eiga dyrkjøpte erfaring.

 

 

 

 

Kommentarer