This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

I ei pressemelding frå Lånekassen kjem det fram at om lag 29 100 studenter får redusert utdanningsstipend på grunn av inntekt over fribeløpet i 2013.  Studentar som mottok årleg støtte frå Lånekassen i 2013 kunne ha 151.215 kroner i person – og kapitalinntekt før det gjekk ut over utdanningsstipendet. Økonomistudent Trine-Lise Hagen var ikkje bevisst på beløpsgrensa då ho byrja å studere.

Det er studenten sitt ansvar å setje seg inn i dette, men eg trur mange ikkje har oversikt, seier ho.

Trine-Lise var heldig, ho fekk tips av ein medarbeidar like før jul om at ho burde undersøke om ho var over beløpsgrensen.

Eg fekk panikk då eg såg at eg var over grensa, eg trudde at eg hadde tapt heile stipendet. Slik var det heldigvis ikkje, og det endte med at eg missa i underkant av 1000 kr, fortel ho tydeleg letta.

I pressemeldinga står det at lånekassen trur at studentar flest er kjend med beløpsgrensene. Øknomiformidlingen ved Norges Handelshøyskole deler ikkje same syn på saken.

Vår erfaring er at studentar ofte ikkje er klar over denne grensa og kva reglar som gjeld. Vi synes det burde vere meir fokus rundt dette, seier informasjonsansvarleg Ole Fylkesnes Halland.

Ved hjelp av ein tohundrelapp demonstrerer Fylkenses Halland kor mykje du vil sitje igjen med dersom du har inntekt over beløpsgrensa.

Den økonomiske konsekvensen ved å tene 200kr over grensa er at 100kr blir omgjort frå stipend til lån og om lag tjuefem prosent av lønna går med til skatt. Då sit du igjen med 50kr på marginen, fortel Fylkesnes Halland medan han tar ein femtilapp opp av lomma.

Om ein vil stoppe å jobbe før ein overtrer beløpsgrensa, må vere opp til kvar enkelt. Det er uansett greitt å vite konsekvensane av å stige over grensa, seier han.

Det er viktig å presisere at du ikkje vil bli trekt i lønn, dette er ein langsiktig konsekvens der stipend vil bli omgjort til lån. I 2015 er fribeløpet for person- og kapitalinntekt 162 769 kroner ved støtte heile kalenderåret . Trine-Lise skal følje betre med på grensa framover.

I ettertid har eg blitt mykje meir bevisst på kva eg kan tene før det går ut over stipendet, seier ho før ho oppmodar alle studentar om å setje seg inn lånekassen sine reglar.

Enkle råd fra økonomiformidlingen.

1 . Planlegg i god tid kor mykje du er villeg til å jobbe.

2 . Få fullstendig oversikt over alle inntekter. Dette inkluderer trygdeytelser og finansinntekter som avkastning på fond og aksjar eller renteinntekter.

Kommentarer