This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Tysdag segla 65 førsteårskadetter frå sjøkrigsskolen i Bergen på ein to og ein halv månaders tokt over USA og Kapp Verde. På denne reisa skal kadettane lære seg å jobbe i team og utvikle seg til å bli gode sjømenn og sjøkvinner.

Kvar haust reiser førsteårskadettane på ein lengre tokt med det sivile seglskipet Statsraad Lehmkuhl. Ein av dem er Anita Eide. Anita er ein av 14 jenter som skal delta på toktet.

– Tidlegare har det vore kadettar om bord som er sjøsjuke heile vegen, i to og ein halv månad. Vi har hørt at det finnast to typar sjøsjuke, ein der ein trur ein skal dø og den andre der ein håpar på å dø, fortel Anita.

Når vi spør om ho brukar å vere sjøsjuk, kan ho ikkje svare.

– Eg har aldri vore om bord i eit seglskip før. Men eg trur det går fint, seier ho med eit smil. Fleire av kadettane hadde aldri satt sin fot i eit seglskip før dei no skal bu 11 veker om bord, første stopp er ikkje før 10.oktober.

Ein annleis kvardag

Statsraad Lehmkuhl fungerer både som skule, treningssenter, matsal, soverom og arbeidsplass under toktet. Anita Eide frå Børsa i Sør-Trøndelag studerer til å bli marineingeniør ved sjøkrigsskolen. At valet falt på Sjøkrigsskolen var nok litt tilfeldig for Anita sin del, men ho angrar ikkje eit sekund.

– Eg får lære ting her som eg ikkje får lært meg på ein sivil høgskule eller eit universitet. Likevel er eg sjølvsagt av og til misunneleg på dei som lever ein “normal” skulekvardag, fortel ho.

Håper at ingen snorkar

Kadettane ligger tett saman i kvar si hengekøye. Anita hoppar opp i hengekøya si for første gong.

– Håper at ingen snorkar, men eg har med øyrepropper i tilfelle, seier Anita. Kadettane må nemleg takle å bu tett og kommunisere med kvarandre. Det finnes nemleg ingen dekning om bord.

– Vi får berre ha med det mest nødvendige. Vi har ikkje internett for eksempel og ingen telefondekning. Det blir nok uvant den første tida, men så går det nok bra, seier ho før ho sender ei siste melding heim til familien.

Ein av gutta

Sjølv om det er ein mannsdominert skulekvardag er det i følge Anita ingen forskjellsbehandling om bord .

– Eg føler meg som ein av gutta, seier Anita før ho får auge på at fleire gutar er på veg til å klatre opp i masta og ropar at ho og vil, før ho spring og hentar seg ein klatresele og forsvinner opp i den høge masta.

Kommentarer