This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=5&feed=rss2

Espen Eidsnes er tidlegare geografistudent ved UiB. Då Espen begynte på studiet i 2011 vart han kjend med Bergen studentidretts (BSI) bordhockeyklubb. I helga deltok han på Bergensmesterskap i bordhockey.

Kvar torsdag møtast dei på studentsenteret for å spele bordhockey.  10 til 15 spelarar konkurrerer mot kvarandre i den heimlege ligaen i Bergen. Kvar kamp går over fem  minutt, så her gjelder det å vere sterk mentalt og kjapp i fingrane.

Ikkje ein leik, men heller ikkje idrett

I klubben finner vi fleire spelarar som hevdar seg i Norgestoppen i bordhockey, ein av dei er Espen Eidsnes. Espen er rangert som nummer elleve i Noreg og som nummer to i Bergen. Kanskje enno viktigare er det at han er rangert som nummer 227 i verda, noko han er stolt av. Han har kome ein lang veg sidan han på tilfeldigvis meldte seg inn i BSI bordhokey i 2011. På spørsmålet om dette er ein idrett blir Espen derimot usikker.

– Det er kanskje ikkje ein idrett, men det er heller ikkje ein leik. På internasjonalt nivå er det svært høg konkurranse og veldig krevjande, forteller Espen.

Espen er småbarnsfar og har avklart med kona at kvar torsdag på studentsenteret er det bordhockey, det er fast på kalenderen. Likevel er det ein annan arena kor Espen finpussar teknikken . Den ambisiøse spelaren trenar nemlig bordhockey på jobb, kvar dag.

– Nokon tar seg ei røykepause, medan eg brukar pausen på bordhockey, sier Espen lattermild.

Tøff konkurranse i Bergen  

Framfor bergensmesterskapet som blir arrangert på Det Akadamiske Kvarter i helga har Espen klare ambisjonar; ein ny medalje til kjøkkenhylla. Han meiner det er tøff konkurranse i Bergen og at det er fleire som kjempar om sigeren. Likevel vil han trekke frem to av dei argaste konkurrentane, nemlig Arne Johannes Holmin og Hans Christian Lønne.

Dette skulle vise seg å vere ein korrekt spådom. Espen tar seg vidare frå gruppespelet til avslutningsspel, men der blir konkurransen tøff. Espen taper nemlig semifinalen 6-2 og 3-1 mot Hans Christian Lønne, medan Arne Johannes Holmin kjem på andre plass. Beste student i turneringa vart Eivind Stølen.

Kommentarer