This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=5&feed=rss2

For første gong i Noreg arrangerte Red Bull Olabilløp i Bergen søndag 25.august. I overkant av 10.000 tilskodarar hadde tatt turen til Nygårdsparken denne ettermiddagen. Arrangementet hadde totalt 34 deltakande lag mellom andre jentene bak den kreative og sjarmerande kassebilen, Isbilen.

Det var ordførar Trude Drevland som opna kassebilløpet i strålende sol. Olabil-entusiastar i alle aldrar tok turen for å sjå på det spektakulære showet og dei kreative deltakarane som køyrte gjennom ein 14 grader bratt racerbane på 250 meter fylt med hopp og doseringer.

Red Bull Olabilløp vart arrangert for første gong i 2000, og har sidan den tid arrangert overkant av 80 løp i heile 42 land. Deltakarane lagar sjølv køyretøya og må halde eit 30 sekunders underhaldningsbidra før dei tar turen ut frå start. Bilane som deltok under olabilløpet i Nygårdsparken var mellom anna ein likkiste, ein gigantisk hjelm og ein kopi av Il Tempo Gigante.

Kompisane bak bilen, Os Rock City, stakk av med sigeren og vann ein tur til Europa for å sjå på Formel 1 løp.

Far Vel, som var omlag halvegs ut i arrangementet, køyrte ut av doseringa, og ein av sjåførane pådrog seg hjerneristing og vart køyrd med ambulanse til Haukeland Sjukehus.

 

Resultat:

1. Os Rock City

2. Brunost

3. Hole Lås Ekspress

4. Fredrik

5. 7 Eleven

 

 

 

Kommentarer