This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Kvifor vel ein å trene, ete sunt og presse kropp og sjel? Og kvifor er det slik at nokon lykkast, medan andre fell av?

– I januar er treningsentera fulle av folk, men allereie i februar dabbar det av. For å halde motivasjonen oppe og fortsette med treninga er det viktig med tydlege mål, seier Hege Wiers Gjerde, gruppetreningskoordinator i SIB trening. Vidare fortel ho at det er ein fordel om ein finn ei treningsform ein likar, då gjerne saman med andre.

SIB trening har i alt seks treningsenter i Bergen tilrettelagt for studentar. Dei kan tilby alt frå gruppetreningstimar, til personleg trenarar.

CrossFit Bergen er  den største CrossFit-affilanten i Bergen. Dei baserar seg på funksjonell og tung trening med X-antal repitisjonar. Ifølge eigar av CrossFit Bergen Andrè Svanevik, er CrossFit ein treningsform som passar alle uansett alder.

Kommentarer