This text will be replacedhttp://bstv.no/?cat=3&feed=rss2

Nekta å vere askefast

22. april 2010

Askeskya som vart skapt av utbrotet i vulkanen Eyjafjallajøkull på Island har som kjent hindra flytrafikken i store delar av Europa, og Bergen Lufthavn Flesland har også blitt ramma. Fay Farstad studerer politikk ved The University of York i England. Etter å ha vore på besøk heime i Noreg var planen å reise tilbake til York med fly i tid til eksamen, men den planen måtte skrinleggast som følgje av det nylige utbrotet. Ho nekta å vere askefast, og fekk etter mykje slit innpass på eit frakteskip frå Stavanger med kurs for Immingham i Nord-Aust England. Resten av distansen skal ho tilbakelegge med tog.
- Eg har hatt litt flaks, konstaterte Farstad med eit lettens sukk.

Over for denne gong
Professor i geovitskap ved Universitetet i Bergen, Harald Furnes, meiner at Eyjafjallajøkull no har blåst frå seg, og tilbakeviser utbrot i søstervulkanen.
- Eg kjenner ikkje til nokon indikasjonar på at Katla skal vakne til liv med det første.

Hva synes du om saken?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*