This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Yoga som treningsform og terapi har lenge vore i vinden. Den siste tida har også såkalla hot yoga blitt stadig meir populært blant treningsglade nordmenn. Hot 26+2 er yoga i omkring 40 varmegrader og med ein luftfuktigheit på 40%. Timen varer i 90 minutt og består av 26 øvingar og to pusteøvingar som blir gjentatt i to sett. Timen styrkjer og strekkjer alle musklane i kroppen, og er ein super måte å auke fleksibilitet, styrkje kropp samt betre helse og balanse.

Aktivering av heile kroppen

Svanhild Hausberg er sertifisert hot yoga lærar hjå Hot Yoga365. Ho fortel at hennas første møte med hot yoga var i 2011, då ein kollega tipsa ho om treningsforma.

– Første gong er prøvde hot yoga var det ikkje så veldig kjekt, men etter tredje gongen blei eg hekta og har trent jamt og trutt sidan då, seier ho.

Hausberg hadde ingen erfaring med yoga frå før av. No er ho sjeleglad for å ha funne treningsforma og forklarer at det er bra for heile kroppen.

– Vi er innom alle delane i kroppen. Dei ulike organa blir strekt, komprimert, vridd og snudd. Det er særleg bra for ryggsøyla som blir aktivert i form av framoverbøy, bakoverbøy, sidebøy og ulike vridingar, fortel instruktøren.

Mirakelkur for ein kvar student

Yoga skal bidra til personleg utvikling, auka mental klarheit og stressreduksjon. Hausberg forklarer at det å kunne handtere eigen pust kan være ein stor fordel opp mot eksamen.

– Lær deg å puste! Pusteteknikk kan hjelpe deg til å få kontroll på panikken og dermed bli mindre stressa, opplyser Hausberg.

– Eg blei frelst

Stig Jensen er gjengangar på hot 26+2 timen. Han fortel at sitt første møte med hot yoga og yoga generelt skjedde i Australia for omkring 5 år sidan.

– Eg var open for nye ting og kom over hot yoga ved ein tilfeldighet. Etter første time var eg frelst, seier han.

Etter møtet med hot yoga i Australia, har han alltid prøvd å finne hot yoga i kvar by han har flytta til. I dag reiste han på timen av ulike årsaker.

– Eg kom rett frå jobb og hadde behov for å gjere noko anna enn å sitte heime og sjå på tv. Målet for timen var å sveitte og ha det kjekt, fortel Jensen.

Hot yoga framfor vanleg yoga?

Sjølv om Hausberg brenn for hot yoga, poengterer ho at det er viktig med mangfald.

– Ein kombinasjon av forskjellige treningsformer der ein inkluderer litt av alt er lurt, seier ho.

Kommentarer