Studentersamfunnet arrangerte 3. oktober debatt om fremtiden til designergener på Kvarteret.

“I framtida kan kanskje ein chip gjere deg smartare, ei pille kan skape lukke og ein screening kan fortelje oss alt om genomet til eit ufødd born. Bioteknologien vert utvikla i rasande fart og kan medføre enorme endringar, men kva moralske val må me ta på vegen?

I PANELET:
– Ole Martin Moen, moralfilosof og professor hjå Universitetet i Oslo (UiO)
– Knut Alfsvåg, professor hjå VID vitenskapelige høgskole avdeling Stavanger
– Sigrid Bratlie, biolog og seniorrådgiver i Bioteknologirådet

Transhumanismen er ei rørsle som søkjer å nytte teknologi for å forbetre menneske. Mange av tilhøva for dette finner ein innanfor bioteknologien, som allereie har kome langt i forskinga på genredigering, bremsing av aldringsprosessen og kunstig befrukting. Men kva kan me utrette med dette, og kva bør me gjere for å komme ut av dette med verdiane i behald?

Nokre spår ein dystopi der sorteringssamfunnet står sterkt og toleransen er lav. Andre ser ei ljos framtid utan sjukdom og sorgar. Kunne du tenkje deg å designe din eigen baby medan du bikkar 150 år med kroppen til ein tjueåring?”

 

Produsent: Daniel Kjelby
Regi: Anastasia Vassilieva
Foto: Sara Garatun Tveit, Evgenia Valeryevna
Lyd og lys: Kraft

Kommentarer