This text will be replacedhttp://bstv.no2/?cat=1&feed=rss2

Dei siste åra har det skjedd ein stadig aukande digitalisering innan høgare utdanning, der lyd- og videoopptak frå forelesningar leggjast ut på nett. Dette medfører at studentane kan både sjå og høyre på materialet kvar og når dei måtte ynskje, men det kan også føre til at færre studentar vel å møte opp på forelesningar.

Komme for å bli

Øivind Anti Nilsen er professor ved Norges Handelshøgskule. Han har sjølv vald å leggje ut opptak av forelesningane sine i etterkant av undervisninga.

– Lyd- og videoopptak av forelesningar er komme for å bli. Mi erfaring er at dette hjelper studentane, og dannar eit ekstra tilbod der dei får moglegheit til å repetere og gjennomgå stoffet endå grundigare, forklarer han.

Sjølv om Nilsen ser positivt på utviklinga, understreker han at digitaliseringa også kan ha sine bakdelar.

– Det kan hende at færre studentar vel å møte opp til forelesningane. Dersom alle gjennomgår forelesningane på nettet, får vi ikkje til det interaktive elementet som er nødvendig for at læringsutbytte skal bli størst mogleg, seier Nilsen.

– Alle er forskjellige 

Studenttinget på Vestlandet ynskjer at all undervisning skal gjerast tilgjengeleg for studentane i etterkant. Organisasjonsansvarleg i Studenttinget, Kjersti Hatlestad, opplyser om at dei jobbar opp mot rektoratet og leiinga slik at fleire emne skal leggje til rette for opptak av forelesningane.

– Alle lærer på forskjellig måte, og video-formatet legg til rette for at dei som treng gjentatt repetering får moglegheit til dette ved å kunne sjå forelesningane om att og arbeide i sitt eige tempo, seier Hatlestad.

Ho understrekar at det er særs viktig å engasjere forelesarane, samt opplyse om at studentane har stort utbytte av denne typen digitalisering.

Positive studentar

Dei fleste studentane ser positivt på utviklinga, og meiner at opptak av forelesningane er riktig veg å gå.

– Eg er veldig positiv til videoopptak. Dersom ein ikkje har mogelegheit til å delta på forelesningane, er det veldig fint å kunne sjå dei på nett i etterkant, seier studenten Vetle.

Studentane meiner opptaka gir læringsutbytte, men presiserer at ein framleis bør møte opp på forelesningane då opptaka skal fungere som eit supplement til undervisninga.

– Det er fint å møte opp til forelesningane fordi då kan eg spørje forelesar dersom det skulle vere noko eg lurer på, forklarer studenten Dimitir.

Kommentarer