This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1702&feed=rss2

Håkon Randgaard Mikalsen er 26 år og leiar for Studentparlamentet, som er det øvste studentpolitiske organet ved Universitetet i Bergen. Han sit i Arbeidsutvalet, og har dermed tatt eit år fri frå studiene for å jobbe på fulltid med å fremje Studentparlamentet sin politikk samt ivareta velferda og interessene til studentane.

– Det er veldig kjekt å være med i Studentparlamentet fordi ein møter mange engasjerte folk med ulik bakgrunn, til dømes frå ungdomspolitikken eller ulike interesseorganisasjonar. Felles for alle er at vi er opptatt av utdanningsinstitusjonen og utdanningssituasjonen vår, fortel han.

Interessa kom hemanfrå

Mikalsen meiner interessa for politikk har vakse gradvis gjennom heile livet. Han er oppvaksen i ein familie der foreldra var svært opptatt av korleis samfunnet fungerte. Ein vanleg morgon ved frukostbordet bestod av å lese aviser for så å snakke om innhaldet i dei. Han meiner sjølv at han difor blei meir opptatt av kva som skjedde i samfunnet og samtidig meir interessert i politikken. Då han var yngre blei han med i ungdomspolitikken og var aktiv der i tre år.

– Det virka som ein spennande stad der eg kunne lære, seier Mikalsen.

Studentpolitikk for Mikalsen

Studentpolitikk for Mikalsen handlar om fordeling av goder og fordeling av byrder. Men det handlar også om korleis utdanningsinstitusjonen tar vare på deg og møter deg som student, og korleis Bergen kommune som vertskommune både tar vare på og legg til rette for studentar. Mikalsen er opptatt av å skape eit godt studiemiljø, og meiner det ikkje nødvendigvis er enkelt å være student slik utdanningspolitikken drivast per dags dato.

– Man blir bevisst på kva slags rettar og goder som gjerast tilgjengeleg for studentar i dag. Eg trur man kan gjere meir for dei unge i samfunnet slik at det blir enklare å være student, seier han.

På dagleg basis møter Mikalsen personar som skal ta valg på vegne av studentane.

– Studentparlamentet prøver å komme med innspill der vi kan, forklarer han.

Utfordringar

Jobben går blant anna ut på å ivareta interessene til studentane på institusjonen i møte med UiB-systemet, kommunen, fylkeskommunen og stortinget. Mikalsen meiner at det å representere rundt 16 000 studentar til tider kan være vanskeleg. Utfordringa er at Studentparlamentet ikkje får nok innspel frå studentane.

– Vi prøver å få innspel frå fagutvala, studentutvala og forskjellige studentar som sit i ulike verv. Då er det lettare for oss å få eit inntrykk av kva studentane meiner og korleis Studentparlamentet skal representere dei på ein god måte, understrekar han.

Mikalsen meiner at dersom Studentparlamentet hadde fått fleire innspel, kunne dei ha representert studentane på ein stadig betre måte og få fleire tankar om kva som bør endrast. Samtidig hadde det vore lettare å mobilisere samt fått gjennomslag for dei tinga Studentparlamentet ynskjer å endre, og at studentane er med på dei kampane parlamentet tar.

Avkopling

Når Mikalsen ikkje driv med politikk, liker han å kople av frå ein hektisk kvardag ved å gå på tur, lese bøker og lage mat.

– Det å stå på kjøkkenet og kunne forsvinne eit par timar er kanskje den største avkoplinga eg får, seier han.

Studentpolitikken tar mykje tid, men Mikalsen meiner at dersom ein drivast av engasjement, får ein mykje igjen for arbeidet. Sjølv om det å være leiar ofte inneber lange og hektiske dagar på jobb, klarer han å halde seg roleg og avslappa.

– Eg har som regel lav puls og stressar lite, seier han.

Leiar i velferdstinget Vest, Mia Milde, kan understreke at Mikalsen er ein svært roleg person.

– Håkon er ein veldig roleg, sindig og diplomatisk person, seier ho.

Skygga av sikkerheitspoliti

I fjor reiste Mikalsen saman med ein kollega til Marokko for å delta i ein rettssak.

– Vi var klare over at det som norske statsborgarar var fare for å bli stansa og ikkje få krysse grensa mellom Marokko og Vest- Sahara.

I passkontrollen blei dei stoppa og fekk ikkje sleppe inn. Deretter blei dei plassert i ein bil utan å få tildelt noko som helst av informasjon. Bilen køyrde i fleire timar gjennom ørkenen frå Vest- Sahara og tilbake til Marokko. Då bilen måtte stoppe på eit kontrollpunkt, tok Mikalsen eit bilete på telefonen, noko som blei slått hardt ned på av sikkerheitsvakta på staden.

– Det var litt ekkelt ein liten periode. Plutseleg sto det tolv sikkerheitspoliti rundt oss og sa at dersom eg ikkje opna telefonen min og sletta alle bileta, kom dei til å arrestere oss, fortel Mikalsen.

Det enda opp med at han blei tvungen til å slette alle bileta på telefonen.

– Resten av turen merka vi at vi var skygga av sikkerheitspoliti, fortel han.

Oppfordring fram mot valget

Studentvalget ved Universitetet i Bergen nærmar seg, og Mikalsen oppfordrar alle studentane til å engasjere seg.

– Dersom du meiner noko som helst om noko som helst, kan det være verdt å nytte seg av mogelegheita man har til å påverke det systemet man er ein del av. Dersom du vel å ikkje stemme, får alle andre bestemme kven som skal representere deg, seier han.

Kommentarer