This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

– Det kjenst ut som eg har blitt brukt som ein verbal punching bag, sa Stian Blipp etter showet.

I anledning Humorfest vart Stian Blipp «roasta» av kjende komikarar og kollegaer. Ole Bull Scene var fullstappa med publikum som hadde tatt turen for å sjå den blide programleiaren frå Bergen bli gjort narr av.

– Å bli roasta er som ein slags tarmskylling. Veldig, veldig ubehageleg. Men ein får ut all driten, kunne talkshow-verten fortelje.

Sjå også: – Det har vært et mål å få lage et eget TV-show

Populært i USA 

Roasting er ein antihyllest av ein æresgjest der komikarar vitsar på æresgjesten sin bekostning. Roasting vart fyst populært i USA gjennom TV-kanalen Comedy Central, der kjende personlighetar som Justin Bieber og Donald Trump har blitt roasta.

– Roast er det motsatte av ein toast, sa Christoffer Schjelderup som var «roastmaster» for kvelden.

Han leia blant anna Lisa Tønne og Sigrid Bonde Tusvik gjennom ein halvannan time med roasting av den folkekjære programleiaren. Men sjølv om det var Stian Blipp som var kveldens æregjest, fekk óg dei andre komikerane smake eigen medisin då han på slutten fekk halde eigen roast med humoristisk kritikk av kollegaene. 

Humorfest: – morosame dagar mellom dei sju fjell

Roasten vart arrangert i høve Humorfest som vart arrangert for femte år på rad. Fordelt på tre dagar sto det over 70 komikarar på store og små scenar rundt Ole Bulls plass.

I løpet av helga kunne ein få med seg blant anna livepodcast, improteater med BMI og stand-up av forskjellig slag. Ved utsida av Ricks kunne ein óg finne ein dobbeldekkar med innebygd stand-up scene der ulike komikarar frå heile verda framførte eigne show.

Sjå også: Studenter, standup og porno

Kommentarer