This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Eit av dei viktigaste temaene i samfunnet dei seinare åra har vore global oppvarming, og dei store klimaforandringane. Fleire gongar har ulike klimaforskarar slege alarm, som til dømes då dei hadde funne ut at det er endringar i havisen, eller då dei slo alarm om at klimakrisen er meir alvoleg enn det ein hadde trudd. For å finne ut meir om framtida for klimaet vårt, tok vi ein prat med førstelektor hjå BI, Per Espen Stoknes, som i desse dagar er aktuell med boka «Det vi tenker på når vi prøver å ikke tenke på global oppvarming».

– Eg trur vi kjem til å bryte togradersmålet, men vi kjem til å reversere det slik at, avhengig av kva tidsperspektiv vi snakkar om, så er det bra. Eg trur det blir ganske stabilt i dette århundret, men vi sliter om vi tek nokon hundre års sikt, trur Stoknes om framtida.

Det til tross så meiner han at den siste utviklinga er interessant.

– Det er ei fantastisk spanande utvikling som skjer akkurat no, særleg knytta til utviklinga innanfor fornybar energi, som no er realistisk. Finansbransjen har også fått auga opp for lønsemda innanfor fornybar energi, og vekstrata er så høg at om vekstrata fortset så vil det fortrenge nesten alt av fossil energi innan 2040, seier Stoknes.

Fem løysningar

Førstelektor Stoknes meiner altso at det er håp for at framtida kan vere lys, også klimamessig. I boka si skriv han om fem løysingar på klimaprobelemet. Vi fekk ei kort gjenfortelling.

– Eg formulerer det slik at vi må gjere klimasaken meir sosial. Det handlar om forholdet til venar, naboar og familie og lokale sted. Det handlar ikkje om 2100, eller om Arktis.

– Eg snakkar om at det er viktig å gjere ting enklare for å handle klimariktig, ved å bruke ”nudging” og det vi veit om beslutningsarkitektur slik at det ikkje blir så komplisert og tungvint for folk å få installert varmepumpe, etterisolert hus, gå over til el-bil og kjøpe meir klimavennleg mat.

– Vi må bruke meir støttande innrammingar som går på helse, forsikring og moglegheitsinnrammingane, og dei må vere minst tre gongar så mange som dei katastrofetype-innrammingane.

– Også treng vi ei stor fortelling om kvar vi ønsker at samfunnet skal gå, typisk i retning av grønn økonomi innanfor planetens tålegrenser og ein mykje høgare livskvalitet og varmare samfunn enn det vi har i dag. Varmare samfunn og ikkje varmare klima.

– Til sist treng vi signaler, som går på at når vi har gjort noko må vi få ein feedback på det, ellers så mistar vi motivasjonen. Desse signala må opplevast som personlege og relevante for meg.

 – Det er vanskeleg

I samfunnet er det mange enkeltindivid som føler at dei sjølve lever eit miljøbevisst liv, og gjer sitt beste for å ivareta miljøet på ein best mogleg måte. Det kan vere gjennom å spise meir plantebasert mat, eller ved å betale klimakompensasjon ved flyreiser. Men veldig ofte blir dette meir som ei betaling for å gjere opp for ein allereie klimafiendtleg aktivitet. Dette gjer at mange inkluderar dei mest miljøbeviste blant oss i klimadebatten, og spør kvifor det er slik at ein fortset med klimafiendtlege aktivitetar sjølv om ein veit konsekvensane. Å leve eit heilt klimavennleg liv er med andre ord ikkje berre enkelt.

Vi møtte ein som føler litt på det.

– I dag spiste eg to burgere, så det var jo dårlege greier da. Så då må jo eg sikkert kompensere med å spise nokon bønner resten av veka. Men eg syns det er litt vanskeleg, så det blir nok litt slik at det er noko du tenker på eine dagen, men så gjer du noko anna andre dagen, innrømmer Kjetil Grung.

Kommentarer