This text will be replacedhttp://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

– Dette kjem til å gå til helvete

Studentradioen i Bergen fyller 35 år og inviterte ansvarlege redaktørar frå studentmediene til stupekonkurranse.

Studentradioen i Bergen fyller 35 år og inviterte i den anledning ansvarlege redaktørar frå Bergen Student-TV, Studvest, Studentradioen i Bergen og Stoff til stupekonkurranse i ADO Arena.

– Eg har ei kjensle på at dette kjem til å gå til helvete, fortel Studentradioen sin eigen Ingrid Haugen Nonskar før første stup.

Det var få av redaktørane som kunne skryte på seg stupeerfaring. Anna Nordahl Carlsen, kulturredaktør frå magasinet Stoff, var den einaste som hadde stupt noko det siste året. Ho hadde vore i bassenget dagen før for å forberede seg. I tillegg til ei god oppvarmingsøkt la Carlsen all sin lit på ein hemmeleg leppomade og god stil.

Ansvarleg redaktør frå Studvest Martin Sogne Folkvord hadde få forventingar til dagens konkurranse og håpa mest på at ikkje badebuksa forsvann under nedfarten. Stian Amundsen Grundstad representerte Bergen Student-TV og hadde overleving som viktigaste strategi.

Erfarne dommarar

I dommarpanelet satt tre tilsette frå Studvest, Student-TV og Studentradioen, og ein ansatt frå ADO Arena. Ingen hadde dømd i ein stupekonkurranse før, men Rine Aarvik kunne skryte på seg erfaring frå «Skal vi stupe», programmet der norske kjendisar konkurrerer om å stupe best.

– Eg dømer hovudsakleg ut i frå motivasjon, fortel dommar Erik Aasebø.

Han meinte at motivasjonen bak stupet var det avgjerande for å få ein god poengscore. Stil ville han derimot legge mindre vekt på.

Overlegen seier

Etter 4×4 hopp, der siste runde var open kategori, stakk Anna Nordahl Carlsen til slutt av med seieren. Ho hadde god stil og kontinuerlig motivasjon gjennom heile konkurransen.

– Det føles heilt fantastisk, fortel Carlsen etter ho fekk overrekt pokalen.

Carlsen kunne fortelje at stupinga hadde opna auga hennar for ein ny hobby. I tillegg meinte ho at konkurransen kom til å vera starten på eit godt samarbeidsforhold mellom studentmediene i Bergen.

Kommentarer