This text will be replacedhttp://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

BSTV testar ut: Alternativmessa

Alternativmessa fann veien tilbake til Grieghallen, denne gongen under namnet Wellbeing Festival.

24. – 26. mars var det igjen duka for alternativmesse i Grieghallen. Med hundre utstillarar, workshops og foredrag kunne messa tilby alt frå healing og spåing av framtida til interiør og kosmetikk.

– Sidan me tilbyr både workshops og foredrag vart det meir som ein festival enn ei messe, fortel presseansvarleg Eirik Solum.

Alternativmessa har i år skifta namn til Wellbeing Festival, noko Solum meiner vil hjelpe til med å bli kvitt alternativ-stempelet. Han meiner festivalen kan tilby mykje for alle som er interessert i velvære og heilheitleg helse.

Kan spå framtida

Blant bodene var det fleire klarsynte som kunne spå framtida ved å lese hender, bruke kort eller rekne ut i frå fødselsdatoa.

– Eg koplar meg på ein energi, så eg lese energiar, forklarar klarsynte Hilde-Karin Stamneshagen.

Ho fortel at ho brukar kort eller nummerering for å konsentrere seg om å lese energiane ordentleg. I følgje Stamneshagen er det viktig å kun fortelje om det personen sjølv lurer på, og ho vil aldri fortelje om noko før ein spør sjølv.

Rainbow Raiki-master Anne Marit Erstad fortel at ho ved hjelp av energikontrollering kan behandle ulike plager ein måtte ha i kroppen. Som jordmor fann ho tidleg ut at den japanske healingmetoden var det beste naturlege alternativet til smertelindring under fødsel.

– Det beste med messa er mangfoldet

18 år gamle Bastian Sletteland Sigvaldsen valgte å tilbringe helga si som frivillig på Wellbeing Festival. Han tykjer det beste med messa er alle dei ulike menneskja ein treff.

– Det finnes ingen betre plass å tilbringe ei helg enn her på Alternativmessa, fortel Sigvaldsen nøgd.

Kommentarer