This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Du har kanskje lagt merke til jentene som dansar og vifter med dusker på sidelinja i amerikansk college-sport enten i verkelegheita eller gjennom film. Denne «cheeringa» er faktisk også ein konkurransesport, der ein konkurrerar på både nasjonalt og internasjonalt nivå, kan leiar for NHHI Cheer, Emma Marie Hansen fortelje. Det norske laget er også blant dei aller beste, og tok tilbake i 2015 sølv i VM. No er det snart tid for nye konkuransar.

– Det er NM i mars. Då er det norske lag som konkurrerar mot kvarandre naturligvis, og så kan man kvalifisere seg til VM derifrå, seier Hansen. Ho legg også til at det vanlegvis er rundt 2000 deltakere som deltek i eit NM.

Ein tøff sport

Hansen fortel vidare at det er mange som går rundt med fordommar mot dei som driv med cheer-sporten, og ser på det som at dei berre står der å duskar. Sjølv meinar ho at det er ein tøff sport:

– Det er ein veldig tøff og fysisk sport, der vi er veldig atletiske og løftar kvarandre, turnar og dansar. Det er litt av kvart eigentleg, meinar ho.

Også for gutar

Mange ser nok på cheerleading som ein sport for jenter, men det er også mange gutar som er aktive i sporten, skal vi tru leiaren for NHHIs cheerteam.

– Mange gamle turnere og trikkere og sånt finner cheerleading og har lyst til å konkurrere der. Så det er faktisk mange lag der det er fulle gutekvoter på lagene, seier Hansen og legg til at cheerleading er for alle:

– Har man lyst til å drive med cheerleading, då er det alltid mogleg å kunne klare det, avsluttar Emma Marie Hansen.

Musikk: bensound.com

Kommentarer