This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Klokka 06.30 opnar Klubb-Frokost dørene til Landmark sine lokale og inviterer inn til «morgonrave». Med eigen DJ og blinkande lys får ein nattklubb-assosiasjonar, men her er det sterkaste ein får servert kaffi.

– Me starta fordi me vil danse. Me elskar å danse, fortel initiativtakar Kristen Steiner.

Målet var å gi danseglade menneske ein moglegheit til å feste utan å vera oppe til seint på natt. På morgonrave kan folk frå alle aldrar svinge seg til techno-rytmen – heilt utan alkohol.

Populært konsept

Sjølv om morgonrave allereie er populært i Bergen, var det fleire ferske “ravarar” til stades. Sara Lisa Hartveit høyrde fyrst om arrangementet på Facebook og bestemte seg for å sjekke det ut.

– Det kan spreie mykje glede gjennom dagen og veka. Det er ein glede som fortset, fortel ho.

Fredrik Pfeil var spent på kva som venta han, men fortel at han vart positivt overraska. Han syntest det var kult at så mange stod opp tidleg for å danse.

Bra start på dagen

Det er fjerde gong Klubb-Frukost arrangerer rave og lokalet har blitt fylt opp kvar gong. Før har dei arrangert rave ein gong i månaden, men Steiner fortel at dei frå no av vil vera opne annakvar veke.

– Det er den beste måten å starte dagen på, forsikrar Steiner bestemt.

Kommentarer