This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Mange menneske lev eit liv dei ikkje er nøgde med. Usunne interesser som røyk, alkohol og dårleg kosthald pregar gjerne kvardagane deira. Samtidig blir det meste av fritida brukt i sofaen framfor å vere i fysisk aktivitet for å ta vare på helsa si.

Ei dame som ikkje var heilt nøgd med korleis ting hadde utvikla seg er Lise Kristine Viken. Ho dreiv butikk i USA, noko som førte til mykje reising og lita tid til trening. På det ho hadde av fritid levde ho eit sløvt liv, med røyken som ein fast følgesvenn. Denne livsstilen plaga ho etterkvart veldig, og ein dag bestemte ho seg for å gjere endringar.

– Eg kjende på alderen at no er det nok. Eg skulle inn i mitt førtiande år og tenkte at «nei, eg kan ikkje røyke i alle førtiåra og».

Ny tøff kamp

Etter å ha teke avgjerelsa om å kutte røyken forsvann den fort ut av livet til Viken. Men det som ofte skjer når ein stumpar røyken er at ein umiddelbart legg på seg. Slik var det også for Viken, og ho måtte dermed motivere seg for enda ein kamp, denne gongen mot vekta. Det var ikkje berre enkelt.

– Det var jo berre gått to år da sant, så du er ikkje så veldig motivert for verken det eine eller det andre. Men for meg blei det vendepunktet når eg gjekk på vekta, seier Viken og omtalar talet ho såg på vekta som raude tal.

Etter opplevelsen på vekta forandra Viken kosthaldet sitt og byrja å gå fleire og fleire fjellturar. Det har gitt ho eit heilt nytt liv og om berre to månadar står hennar hittil største eventyr for tur når ho skal gå det 4.265 km lange Pacific Crest Trail. Ein fottur frå Mexico til Canada som ho reknar med å bruke nærare 5 månadar på.

Det er lov å skeie ut ein sjeldan gong 

Sjølv om Viken no lev eit heilt anna liv en før, hender det at også ho har tilbakeslag. Noko ho meinar at ein må ha lov til å ha så lenge ein aksepterar det faktum at ein no har skeia litt ut.

– Eg kan sitte heime ein laurdagskveld å lese ei god bok og spise ein pose chips, altså. Det gjer eg faktisk med ikkje så dårleg samvittigheit, seier Viken som meinar at det må vere heilt greitt så lenge det ikkje blir ei vane.

Kommentarer