This text will be replacedhttp://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Endeleg er nattaksten borte

Denne helga var den første utan nattakst på buss og bane i Bergen.

– Nattaksten har jo vore 80 kr, og det er ein stor del av studielånet. At den er fjerna betyr at studentar kan komme seg trygt heim utan dei må gå lengre strekningar som kan følast litt usikre. Så dette er eit stort skritt for studentane.

Den seier den ferske leiaren for Velferdstinget i Bergen, Sverre L. Harveit. Over lengre tid har dei jobba opp mot politkarane slik at studentar og andre ikkje må betale ekstra for å reise kollekivt på nattestid. I fjor tok BSTV opp same temaet, men frå 1. februar er det endeleg ordinær takst som gjeld på natta, medan dei med periodebillett no har det inkludert.

– Det har jo gått lang tid, og vi har vore med og spelt inn vore syn der vi kan det. Det har no gått i gjennom, og det er vi veldig glade for.

Så fornøgd var Hartveit at han, på vegner av studentane, denne veka tok med seg kake med påskrifta «Trygt hjem» og takka fylkesvaraordførar Pål Kårbø og dei andre politikarane for jobben dei hadde gjort med å fjerne nattaksten.

 

– Irritasjon

– Det er for så vidt greitt. At den var der var jo berre ein irritasjon, rett og slett, seier Joakim Johesan, som var ute på byen med venner laurdag natt.

24-åringen har fleire med seg om at fjerninga av nattaksten er godt nytt.

– Dette fører til at meg og venninnene kan vere lengre på byen og fortsatt ha det gøy, og sleppe å betale 80 kr for å reise heim, fortel Rakel Hundsnes.

Barnehagelærarstudenten var ikkje vant med nattakst då ho flytta til Bergen.

– Eg syntest det er heilt sjukt, for i Stavanger har vi aldri betalt nattakst.

 

Vil auke rabatten

Sjølv om det er ein milepæl å bli kvitt nattaksten, så kviler ikkje Velferdstinget på laurbæra av den grunn skal vi tru leiar Hartveit.

– Planen vidare er å få 50 prosent rabatt på periodebillettar for studentar (jour. anm.: 40 prosent i dag). I tillegg vil vi inkludere alle aldersgrupper i studentrabatten. Per dags dato er det ei aldersavgrensing på 32 år, medan studentgruppa frå 31 år og utover tilsvarar rundt 30 prosent av studentane i Norge. Så det er absolutt eit viktig punkt å jobbe med.

Kommentarer