This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1702&feed=rss2

– På klassetur fekk eg beskjed om at eg ikkje fekk sove med jentene. Då tenkte eg: ”Kva er galt med meg? Er eg ekkel? Syntest folk at det er ubehageleg å vere i lag med meg?”. Slike situasjonar kunne vere vanskeleg.

Torsdag besøkte atten år gamle Miriam Østrem campus Kronstad ved Høgskulen på Vestlandet, der ho fortalde om korleis det var å bli fødd i feil kropp og gå frå å vere biologisk gut til jente. I det vel halvannan time lange foredraget var karmøybuen opptatt av å opplyse og oppklare rundt det som heiter kjønnsinkongruens.

– Det betyr at kjønnet ikkje samsvarar med kroppen. Det handlar om identitet, ikkje om legning. Personar som går gjennom dette har noko som heiter kjønnsdysfori, at ein har avsky til sin eigen kropp. Det er noko som er så sterkt at det kan føre til angst, mellom anna.

I sommar var ho i USA og gjekk gjennnom ein siste kjønnsbekreftande operasjon. Tidlegare har ho vore fleire turar innom Rikshospitalet i Oslo.

Vil hjelpe andre

I 2014 var ho med TV 2-dokumenaren “Født i feil kropp” og sidan det har det blitt mange intervju og foredrag for tenåringen.

– Det kan bli litt slitsamt, men det er jo kjekt også. Det er kjekt å få tilbakemeldingar etter foredrag, men er eg mykje på tv så kan det bli litt mykje syntest eg.

Ho er likevel klar på at ho ønsker å stå opp for andre som er i same situasjon.

– Motivasjonen er at eg kan hjelpe andre ved å snakke til for eksempel lærarstudentar, sånn at dei kan gjere det betre viss dei får elevar som er i same situasjon som eg har vore i. Eg trur folk treng å forstå meir og sette seg meir inn i det.

Lettare å bytte

Sjølv om mange har lite kunnskap om temaet og forskinga framleis er mangelfull, så er det framgang å spore.

– For inntil eitt år sidan var gutar nøydd å fjerne livmor og eggstokkar for å bytta juridisk kjønn, og for jenter var det å ta vaginaplastikk, eller i alle fall fjerne testiklar. Men no kan eigentleg alle gjere det, fortel Østrem.

Kommentarer