This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

I surt og vått bergensvêr støtta fleire opp under den internasjonale markeringa mot kvinnevald på Torgallmenningen i Bergen. Bak arrangementet stod Norsk Folkehjelps Solidaritetsungdom og Krisesenteret for Bergen og omegn.

 

– Vald er lov

– Dette er eit kjempeviktig og sentralt arrangement, fordi fleire millionar kvinner blir ramma av vald. For eksempel er det 600 millionar kvinner som bur i land kor vald ikkje er forbode. Og det seier litt om at me må få dette ut og opp på dagsorden, seier Susanne Håvarstein.

Ho er med i Solidaritetsungdommen og var konferansier under markeringa, der mellom anna ordførar Marte Mjøs Persen heldt appell.

– Menns vald mot kvinner skjer overalt. I alle samfunnslag, i alle aldrar, i alle kulturar og i alle land. Kvar kvinnes historie er forskjellig, enten det er frå Latin-Amerika, Afrika, Midtausten, Asia, Aust-Europa – eller ein stad i Norge. Men kvar historie og konsekvensane er dei same, sa Mjøs Persen.

 

Fekk saka lagt bort

Ei anna som talte til dei som hadde møtt fram var vinnar av årets Ta Ordet!-konkurranse, Cecilie Martinessen. Som då ho vann talekonkurransen, opna ho med dei sterke orda: «Eg har blitt valdteken.»

– Eg valte å melde valdtekten, fordi eg trur på rettferd. Eg trur på konsekvensar og eg trudde at dei norske lovene skulle beskytte meg når noko så frykteleg skjer. Der tok eg veldig feil. Etter eit avhør og ein undersøking på Haukeland sjukehus, så høyrde eg ikkje noko meir om saka på seks månadar. Eg høyrde ikkje noko meir før eg fekk eit brev i posten om at saka var lagt bort.

– Eg var totalt lamslått, redd og fortvila. Det hadde vore forgjeves. Saka var lagt bort og eg hadde aldri vore så redd i heile mitt liv, sa Martinessen.

 

– Verken kvinner eller menn er frie

Til liks med ein rekke politiske parti og organisasjonar var Kurdistan Student Union på plass for å støtte opp om arrangementet.

– Eg synest arrangementet er eit bra initiativ mot vold, mot seksuell vold, politisk vold og trafficking mot kvinner globalt. Det er derfor vi deltar og støttar denne markeringa, seier nestleiar Veman Lineval.

29-åringen er masterstudent i religionsvitskap, og kom til Norge frå 17 år sidan. Ho følger godt med på det som skjer i heimtraktene.

– Kurdistan er jo okkupert av fire av verdas mest dikatoriske statar (red.anm.: Syria, Tyrkia, Iran, Irak), så det resulterer i at verken kurdiske kvinner – eller menn – er frie. Men som regel er det kvinner som blir hardast ramma. For eksempel: I sør-Kurdistan blir over 5000 kurdiske kvinner halden som gislar av den sjølvkalla Islamske stat, seier Lineval og nemnar nok eit eksempel:

– I løpet av dei siste seks månadane har over 5000 kurdiske politikarar, aktivistar, journalistar og akademikarar blitt arrestert i nord-Kurdistan. Halvparten av desse er kvinner, og dei har også blitt seksuelt mishandla og trakassert medan dei har vore fengsla.

Kommentarer