This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Natt til onsdag var dagen endeleg kommen då den amerikanske presidentvalkampen endeleg skulle nå sitt klimaks. Om det var Donald Trump eller Hillary Clinton som skulle bli USAs neste president fenga også studentane som kom i hopetall for å følge innspurten på Kvarteret.

 

Stemte dagen før

Mellom dei som tok turen var medievitskapsstudenten Bia Sjøvoll. Bodø-jenta er norsk-amerikanar og kunne difor stemme i det amerikanske valet.

– Det var faktisk ikkje før i går før eg stemte, eg måtte berre scanne inn papirer og sende inn, så det var eigentleg ganske enkelt.

Ho verka fascinert over kor populær presidentfesten på Kvarteret vart.

– Eg er litt overraska over at det blei så stort, men det er gøy. Men eg føler at nordmenn er veldig aktive i politikk, og spesielt studentar. Eg trur ikkje folk i USA veit at det er så stort her.

 

Presidential menu

Allereie tidleg på kvelden var det openbert at valgvaka på Kvarteret ville trekke mange folk. På programmet stod blant anna debattar, musikk, quiz og norske og amerikanske valsendingar. Når Kvarteret i tillegg kunne by på eigen «presidential menu», øl og gratis popcorn var det meste lagt til rette for at ein kunne komme i riktig valmodus.

For då klokka passerte 22 var lokala allereie så fulle at ein måtte nekte fleire å komme inn. Difor måtte mange stå i bitande kuldegradar medan dei vente på at det skulle bli ledig plass.

 

– Ville ikkje fungert i Norge

Martin Jamne og Jonas Djursvoll var blant dei mange studentane som kom tidleg inn varmen på Kvarteret. Dei studerer samanliknande politikk og hadde openberr interesse for den amerikanske valkampen.

– Det er jo eit utruleg interessant val og det er såpass viktig i og med at den amerikanske presidenten trass alt kanskje er verdas mektigaste person, seier Djursvoll.

– Korleis ville det vore med «amerikanske tilstandar» i norsk politikk?

– Eg trur ikkje det ville fungert særleg bra. Det er jo heilt krise mykje av det dei seier. Det ville jo vore veldig rart om Jonas Gahr Støre og Erna Solberg skulle halde på sånn. Eg er veldig glad for at det ikkje er slik, svarar Jamne.

 

Kommentarer