This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Med bakgrunn frå ein fattig bydel i Nairobi veit Shadrack Juma kor viktig utdanning er. No brukar han si tid og makt som lokalpolitikar i storbyen til å gjere ein forskjell for dei unge.

Den siste veka har han vore på besøk i Norge, kor han har møtt born og unge for å fortelje om sin bakgrunn og kva han jobbar med i heimlandet.

Opna bibliotek

– Utdanning er veldig viktig i Kenya, for viss du ikkje er utdanna, så er det nesten sikra at livet ditt vil bli veldig vanskeleg – med mindre du har praktiske ferdigheiter, sa Juma til dei frammøtte i biblioteket på Høgskulen i Bergen tysdag kveld.

Difor har den lågmælte, men positive kenyanaren sett i gong fleire tiltak for at dei unge skal få utvikle og utdanne seg. Det kanskje viktigaste prosjektet var då han i fjor fekk opna eit bibliotek for born og unge i slumområdet Baba Dogo, som han er vaksen opp i. Og det har gått over all forventning.

– No er det eitt år sidan biblioteket opna, og biblioteket går veldig bra. Veldig mange set pris på det.

Med fotball som verktøy

Første gong han var i Norge var i 2001 då han og lagkameratane på Mathare United herja på Ekebergsletta under Norway cup. Det enda med tap i finalen, men Juma var mange minner rikare etterpå.

– Besøket i Norge forandra verkeleg livet mitt. Det trigga livet og hjernen min om korleis eg også kan få leve eit godt liv slik som ein lever her i Norge. Det blei eit verktøy til å forandre meg, og no kan eg seie at eg har klart å gjennomføre nokre av dei tinga eg ville gjere gjennom fotballen.

Sidan har Juma altså hatt tette band til Norge, der også fleire norske selskap har vore med å støtta hans prosjekt i Kenya.

– Biblioteket var fullt

Arrangør for kvelden var Omep, som er ein verdsomspennande organisasjon for små borns oppvekst og danning. Leiar Eli Bergsvik har kjent Juma i ei årrekke, og tidlegare i år besøkte ho biblioteket i Kenya.

– Biblioteket ligg i eit område som var veldig uroleg tidlegare. At det har komme eit bibliotek der har vore med på å stablisere dette, seier Bergsvik, og legg til:

– Då eg kom der ein søndags ettermiddag, så var det fullt i biblioteket: Både med små ungar og elevar på vidaregåande som sat og las pensum.

Kommentarer