This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Middelalderveka i Bergen er ein fast tradisjon. Alt frå gregoriansk song, foredrag om klosterkultur, til nådelause sverdkampar. Etter å ha høyrt på dei rolige og fredlige tonane til kvinnekoret Schola Solensis i Rozenkrantstårnet, gjekk turen ut til Bergenhus festning. Der stod to menn og sloss. Dei viste seg å vere riddarar i Kongshirden 1260.

Øver to gonger i veka

Det er mykje som må mestrast i sverdkamp. Dei to kammeratane Trygve Toft-Eriksen og Simon Nilsen Morlandsstø har drive med denne sporten i sju år. Kalde blir dei heller ikkje, til tross for lett bekledning i det kalde novemberregnet.

– Ein held seg jo varm når ein trenar. Og dette er, tru det eller ei, kjempegod trening, seier Simon.

Duellhatten

Ettersom Trygve vann forgje duell har han blitt beæra med ein slags blå hjelm. Denne symboliserar at han var den beste ridderen ved forgje sverdstevne. Ein skulle tru at ein sport som innebar sverd ville resultere i fleire skader, men karane meiner det er trygt alt i alt.

– Eg har eit lite kutt på leppa som du kanskje ser, men utover det har eg ikkje skada meg. Jo, forresten, den eine gangen eg fikk et slag i hovudet. Men slikt må ein nesten berre forvente av og til.

Kongshirden 1260

Sverdkampmiljøet i Bergen er kanskje ikkje det mest utbredte, men ridderane i Kongshirden 1260 meiner det er nok å finne på. Sjølv reiser dei på ulike utflukter i lag, og trenar to ganger i veka. Akkurat no er dei rundt tolv stykker.

– Vi håpar jo at fleire vil bli med. Det er god trening, og ganske moro. Så vi er åpne for rekruttering, med ganske lav terskel, legg Toft-Eriksen til.

Kommentarer