This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

I helga kom Noas Ark til Bergen. Inne i denne har eigar Aad Peters fått til å lage Europas første flytande temapark for bibelske historier. Den 70 meter lange og 13 meter høge arka rommar blant anna livets tre.

Bygde arka på fem månader

Nederlandske Aad Peters fortel at han hadde ein visjon allereie når han kjøpte båten.

– Eg tenkte at det burde vere ein stad, som ikkje er ei kyrkje, kor du går fritt gjennom og kan sjå dei bibelske historiene, og prøver å forstå kva som er det grunnleggande. Dette er interessant for alle, tenker eg, fortel Peters.

Peters fekk hjelp av kontaktar frå TV- og teater-bransjen når han skulle innrede arka han kjøpte. Han har jobba i denne bransjen sjølv.

– Eg er vand til å lage TV og teater, så vi er ganske raske. Vi gjorde det med femti personar, nokre av dei beste folka i Europa. Vi bygde denne på fem eller seks månedar, med dei beste kunstnerane, fortel han.

Noa – den ekte historia

Han fortel at mange av historiene frå bibelen også kan relaterast til verkelegheita i dag.

– Bibelen og religion høyrest ofte kjedeleg ut, men viss du verkeleg leser bibelen så er den ikkje kjedeleg. Det er faktisk ei veldig interessant bok, med mange konflikter, og den snakkar om mykje som er verkeleg, seier eigaren.

Dei fleste tenker på Noa som ein helt som redda verda. Aad Peters fortel at Noa endte opp med eit alkoholproblem seinare i livet.

– Dei fleste veit ikkje at Noa frå arka endte opp med eit alkoholproblem. Eitt stort eit også. Han mistar sonen på grunn av dette. Eg synes dette er ei ganske god historie. Du kan vere ein helt, og fortsatt ha eit alkoholproblem, fortel ein entusiastisk Peters.

Utstillinga er for alle

Aad Peters meiner at utstillinga passar for alle, spesielt mennesker som ikkje er kristne.

– Historiene i bibelen var ikkje meint for at du skal lese dei som ein kristen, dei var meint som historier. Ein kristen les historia som ein kristen, men den er ikkje meint for ein kristen. Ingen seier du må vere kristen for å lese det, fortel eigaren.

Peters meiner utstillinga kan vere lærerik for alle, også dei som ikkje trur på historiene.

– Den er lærerik, men i ein fri form. Her fortel vi deg ikkje kva du må tenkje. Vi berre gir deg historia, så er det opp til deg kva du tenkjer om den. Du trenger ikkje tru på den, seier Peters.

Han fortel at si ei av sine favoritthistorier som er utstilt er historia om kong Salomo.

– Kong Salomos historie er ganske bra. Den viser at du kan bli vis og du kan studere, men til slutt så er livet ekstremt komplisert, og ting er øydelagt. Så du må vere var på at kva enn du gjer, så er livet ein øydelagt situasjon. Det er veldig realistisk for meg, fortel eigaren.

Kommentarer