This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Dei siste åra har Noreg sett ei gradvis auke i pengebruken rundt juletider. Dei største utgiftene er julegåvene, som fort kan gli litt ut av kontroll. Eit gåvebudsjett kan vere til stor nytte, meiner forbrukerøkonom Marianne Frønsdal hjå Sparebanken Vest.

– Om ein lagar eit budsjett er det viktig å halde seg til det. Om ein har bestemt seg for å bruke 300 kroner men finn ei gåve til 499 kroner, verkar det kanskje ikkje som ein stor forskjell. Det kan likevel fort gjere store utslag, seier ho.

Studentar brukar mykje, men likevel minst

Tal frå 2014 fortel at det er dei mellom 40-54 år som brukte mest pengar på gåver i fjor, med eit snitt på godt over 6000 kroner. I andre enden av skalaen finn ein aldersgruppa 18-25, ei gruppe med eit stort innslag av studentar. Denne gruppa hadde eit snitt på 3346 kroner.

– Det verkar som ganske mykje. Det hadde nok ikkje eg fått til, seier Jeppe Bucher. Han fortel at han sjølv brukar rundt 1000 kroner kvart år, og føler at det dekker det viktigaste. For Jakob Holst er mellom 3-4000 det vanlege budsjettet, men han finn det likevel overraskande at det er det som er snittet.

–  Eg trudde eg brukte mykje, men då er det vel kanskje greitt.

Kreativitet kan hjelpe

Vegard Gloppestad ligg òg eit stykke under snittet i kjøp, men påpeikar at han gjer opp for det med kreative gåver. Det er ikkje nødvendigvis prisen som er viktig men kva du legg i gåva, meiner Marianne Frønsdal.

– Ein kan jo lage noko, ein kan lage symbolgåver eller ein kan lage spleisegåver.

Kommentarer