This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

– Me har ikkje registrert at nokon studentar har trekt seg frå utveksling som følgjer av episodane i Paris. Det seier Nedelina Naydenova, seniorkonsulent ved studieadministrativ avdeling ved Universitetet i Bergen.

Kultursjokk og katastrofar 

Denne veka skipa avdelinga til utreiseseminar for dei neste utvekslingsstudentane ved UiB. Studentane gjekk gjennom eit krasjkurs i korleis å handtera kultursjokk og fekk høyra frå tidlegare utreisande korleis studietilvêret utanfor Noreg kan opplevast. Også korleis studentar skal handtera krisesituasjonar som terroråtak og naturkatastrofar, var ein del av seminaret.

UiB hadde ingen utvekslingsstudentar i Paris dette semesteret, opplyser Naydenova.

I fjor reiste 31 prosent av studentmassen til utlandet. I inneverande strategiplanperiode håpar universitetet å auka dette talet til førti prosent.

– Reiser ikkje til ein metropol

I etterkant av åtaka i Paris skreiv terrorganisasjonen Den Islamske stat (IS) i ei pressemelding at liknande angrep vil bli utført også mot andre mål i Europa. Åsmund Veigel Gaukstad frå Lom i Gudbrandsdalen reiser til Basel etter jul. Han er ikkje betenkt ved å reisa til Sveits, men vedgår at han kjenner seg tryggare i Bergen.

– Det er ikkje nett noko verdsmetropol eg reiser til, men byen ligg midt i Europa, og nær grensa til både Tyskland og Frankrike. Det skumle med slike åtak som i Paris, er at det kan skje kvar som helst, når som helst, seier Gaukstad.

– Hadde tenkt meg om to gongar før eg flytta til Paris

Benedikte Mæland frå Bergen studerer psykologi. I romjula set ho seg på flyet til San Diego. Hadde Paris vore destinasjon, hadde 22-åringen vore meir uroa.

– Eg hadde tenkt meg om to gongar før eg skulle reist til Paris. I USA hadde eg vore meir skeptisk til å bu i byar som New York og Washington DC. Eg kjenner meg ganske trygg i San Diego, seier Mæland.

Angrepet mot satirebladet Charlie Hebdo i januar i år og åtaka i Paris førre fredag gjer at Mæland har vorte meir skeptisk til å ferdast i Frankrike.

– Eg veit at det truleg ikkje vert Paris også neste gong, men det verkar som om Frankrike er utsatt for åtak.

– Opphausa fryktkultur i Noreg

Gaukstad har vore i Basel fleire gongar tidlegare. Han kjenner seg trygg i byen, kor ein stor del av innbyggjarane i sentrumskjernen er innvandrarar.

– Samfunnslivet fungerer svært godt fordi innbyggjarane er godt integrerte. Her i Noreg ser mange annleis på det. Eg meiner fryktkjensla er litt opphausa i Noreg, seier Gaukstad.

Kommentarer