This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

I sjette episode av Studentbibelen tek vi for oss eksamenstress og motivasjon. Her har vi fått gode tips frå både studentar og ein tidlegare landslagstrenar og coach.

Gode vaner er viktig

Kjell Tore Solvang har vore landslagstrenar for padlarane, og er Noregs mestvinnande trenar innan sommaridrettar. Han held også motivasjonsforedrag, og har fleire råd til korleis ein kan nå sine mål.

– Eg er vand med å jobbe med olympiske mesterar, og vi seier det at du treng ikkje vere nervøs viss du er godt nok forberedt. Er du godt forberedt, så kva skal du vere nervøs for, forklarer han.

Han fortel vidare om viktigheita med vanane våre.

– Det er om å gjere å lage seg gode vanar, det er litt seint å begynne dagen før eksamen, seier han.

– Dei beste jobbar alltid med god tid

Kjell Tore Solvang meiner at skippertak er betre enn ingenting, men at det likevel ikkje er det beste valet.

– Viss du venner deg til å gjere skippertak, så utsetter du alt du gjer til siste liten. Det handlar mykje meir om å vere godt forberedt, og sleppe å ta desse skippertaka. Då slepp du bli nervøs, seier han.

I følgje han er det best om du har litt tid på deg.

– Du må ha god tid. Dei beste jobbar alltid med god tid, fortel Solvang.

Motiver deg sjølv

Student Tuva Mossin fortel korleis ho stressar ned før eksamen.

– Lag ein leseplan, slik at ein har ei oversikt over kva ein skal gjere. Det trur eg hjelper ganske mykje, det hjalp for meg i alle fall, fortel ho.

Ifølge student Cedrik Lyngroth er det viktig å ha noko å sjå fram til.

– Eg motiverer meg sjølv med å glede meg til kvelden då eg skal sjå ein TV-serie, eller at eg har ein dag fri som eg kan glede meg til, og då prøve å ta heilt fri frå alt av skule, fortel studenten.

Kommentarer