This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Musikk-kritikk går aldri av moten. Seinast i sommar skapte Mikal Telle stor debatt då han gjekk ut og kritiserte kunnskapsnivået til mange musikkjournalistar. Dette var nokre av froga som vart stilt på Litteraturhuset i Bergen då dei husa debatt.

Debattantar frå alle hold.

Blant debattantane fann vi to musikkjournalistar, Bernt Erik Pedersen, og Tor Martin Bøe, i tillegg til artist Nathalie Nordnes, og gudfar for plateselskap i bergen Mikal Telle.

Debatten hadde ei sakleg og rolig tone, og dreia seg for det meste om at musikkjournalistar kanskje ikkje var spesialiserte nok i faget sitt, og om dagens musikkjournalistikk, som ofte går ut på å anmelde plater eller konsertar med eit par linjer og eit terningkast, kanskje ikkje rettferdiggjorde musikken.

Terningkastets verdi

Kva eit terningkast faktisk hadde å seie, og korleis ein kunne oppnå det, var óg eit viktig tema. Musikkjournalisten Bernt Erik Pedersen, meinte det ikkje var ein enkel jobb å få ein seksar.

– Sist eg gav nokon ein seksar var debutalbumet til John Olav Nilsen og Gjengen. Det var nyskapande, tok i bruk alle elementa i sin sjanger, og det var unikt.

Han meiner jobben som musikkjournalist er vanskeleg, men ikkje i forhold til tidlegare.

– På nittitalet kunne ein gjerne oppleve å få helt øl over seg, om artistane var ueinige i anmeldinga di. Der er vi vel ikkje heilt no, legg han til.

Representerte artistane

For den etablerte artisten Nathalie Nordnes var det viktigaste at anmeldarane skjønte kva ho prøvde å formidle. Ho meinte ein middels anmeldelse som beskreiv det ho sjølv hadde tenkt, hadde meir for seg enn ein god anmeldelse som hadde misforstått.

Ein firar kan smake mykje bedre ein enn femmar, så lenge anmeldaren har fått med seg kva eg prøver å formidle.

Ho meiner også at musikkjournalistar gjerne har for mange felt å skrive om, og derfor ikkje alltid har rett kompetanse til å dømme andre sin musikk.

Dette er jo også kulturjournalistar som har mange fleire felt å dekke, og det er jo viktig at dei har grunnlag for å forstå musikken, og instrumenta som er brukte, legg ho til.

Kor mykje har terningkastet å seie?

Barsjefen på platebutikken og puben “Appollon” i bergen, Geir Ask-Henriksen,  seier at han kan merke når ei plate dei sel har fått gode anmeldingar

Det er sjølv noko vi brukar på promotering. Det er klart at anmeldingar betyr mykje for nye artistar, og nyetablerte band, men kanskje ikkje like mykje for dei som allerede er etablerte i bransjen. Vi merkar det i alle fall godt på salget når ei ny gruppe har fått ein god anmeldelse, konstanterar Henriksen.

 

 

Kommentarer