This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

“Dennis” Reksten er ein kjent figur i musikkmiljøet i Bergen. Han har kjennskap til det meste av Bergensmusikk, og har spelt med dei fleste som er verdt å spele med. Han har ein eigen teori om korleis Bergensrocken tok form.

Bergensbølgen.

Rock, framført på vaskeekte bergensk, har lenge vore eit kjent fenomen i det norske musikkmiljøet. Den såkalla “Bergensbølgen” var ei bølge av band som skreiv og sang låtar på bergensk, på midten av 70- og 80-tallet. Nyare band som Razika, Fjorden Baby!, og John Olav Nilsen og Gjengen, følgjer i fotspora til dei gamle legendene.

Tok med musikk frå Amerika.

The Aller Værste trykte på ein knapp, seier 66-åringen, som sjølv var frontfigur i den populære gruppa “Elregn”. Vidare fortel han at det var sjømenn som reiste til Amerika frå havnebyar som Bergen og Stavanger, og kom heim att med ny musikk på CD, som var grunnlaget for den moderne rocken i norge. Då samla folk seg for å høyre på den musikken, som før ikkje hadde vore tilgjengeleg for dei. Dette spredde seg, og skapte interesse, og nærmast eit opprør i det norske musikkmiljøet, som hovedsakleg bestod av danseband og countryartistar.

– Det var også desse som tok med gitar til lillebror, slik at han kunne prøve seg på ekte amerikanske gitarar, legg han til.

Buande på jobben.

Dennis, som sjølv var med å starte opp og drive rockeklubben Garage, jobbar der no som vaktmester og altmoglegmann. På toppen av bygget, opp fleire sett med trapper, har den sjarmerande pensjonerte rockaren si eiga leiligheit.

– Det er både ulemper og fordelar med å bu på jobben.  Det positive er jo at om det skulle skje noko er eg jo alltid tilgjengeleg. Og så blir det jo veldig vanskeleg å forsove seg, seier han spøkefullt.

Sjølv blir han 67 år til neste år, og kan dermed pensjonere seg. Men vil han fortsetje å bu på Garage?

– Ein veit jo aldri, ein gang må det jo ta slutt. Men eg trivst jo, konstanterar han.

Bransje i endring.

Musikkbransjen er ein tøff bransje, og det er veldig få som lykkast. I følgje Dennis er det å ha særpreg og stå på-vilje det viktigaste for å verkeleg nå toppen.

– Sånn kjedelig popmusikk har eg ingen formeining om, fordi eg ikkje høyrer på det. Du må skilje deg litt ut for å vere interessant. Og så kan du spele bass eller trommer! Det finst altfor få gode bassistar, dei skal alltid overspele legg han til.

Neste søndag spelar Dennis konsert på Garage i eit lukka lag. Annakvar søndag arrangerar han, og deltar på jamkveld i kjellaren på Garage, der det er ope for kven som vil å gå opp på scena å lage musikk. Ellers er han ofte å sjå i baren på Garage sin faste onsdagsjam, speidande etter nye talent.

Sjølv om det er usikkert om han kjem til å forsetje å bu og jobbe på Garage, kjem du nok alltid til å kunne sjå han der, sitjande i eit hjørne, med langt kvitt hår, denimjakke, og ein svart kaffe med melk.

Kommentarer