This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Han har dekt krig og konfliktar i nesten fire tiår. Hadde Odd Karsten Tveit fått korrespondenttilbod i dag hadde han takka nei. – Presset er for stort.

Den røynde reporteren publiserte nyleg si sjette bok om Midtausten – “De skyldige”. Tysdag samtala han på Bergen offentlege bibliotek. Under frukostsamtalen røpte Tveit at interessa for den konfliktfylte regionen var minimal under studietida på Blindern i Oslo.

– Eg var ikkje interessert i Midtausten då eg studerte. Eg studerte sosialøkonomi og skulle verta forskar.

Krig, konflikt og bomber i bagasjen

Det blei han også, med oljenæringa som spesialtfelt. Men Nordsjøolja vart for tørr for ei allereie verdsvand journalistspire. Etter å ha starta journalistyrket i mellom andre Rogalands Avis og Aftenposten, kor han til og med takka nei til ein stilling, vart Tveit hyra inn hjå NRK med olje som fagområde. Då det sommaren 1978 opna seg eit ledig vikariat som utanrikskorrespondent i Beirut, nytta Tveit sjansen. På den tida var det norske FN-soldatar i det krigsramma landet.

– Fordi ingen andre ville reisa ut i krigen, og eg ikkje hadde familie, takka eg ja til å reisa til Beirut. Dermed var det gjort. Dermed vart det Midtausten på meg, fortel Tveit.

Då han reiste til Libanon hadde han ikkje meir kjennskap til regionen “enn den normale norske avislesar”. Løysinga var å lesa, tileigna seg kunnskap, historier og erfaringar frå dei lokale.

– Eg fulgde fjellvettreglane: eg snakka med lokale, eg gjekk saman med personar som kunne Midtausten, og eg stolte på lokale fotografar som visste kor det var farleg, men samstundes måtte eg få “storyar”, så eg lærte medan eg gjekk, fortel Tveit.

Hadde takka nei til ein million

Tveit har lata seg imponera over kunnskapsnivået blant mange unge journalistar. Han er ikkje i tvil om at arvtakarane i bransjen har verktøyene i orden. Utanriksreporteren er meir skeptisk til om bransjen gjev journalistane tid og ressursar nok til å gjera jobben sin på ein god og ryddig måte.

– Å produsera saker er nærast som å mata ein krokodille. Når ein story er levert, skal den neste koma på løpande band. Eg hadde ikkje takka ja til å verta korrespondent i dag om så nokon tilbaud meg éin million kroner, seier Tveit.

– To spørsmål er viktige

Teknologien og tempoet har utvikla seg i takt med den aukande konkurransen i mediabransjen. Då Tveit byrja i yrket hadde ikkje NRK konkurrentar på same måte som i dag. Ein hadde heller ikkje moglegheit til å rapportera om hendingar like etter dei inntraff.

– Seint på 1970-talet brukte eg ein gong éin time på å ringa NRK frå ein telefon i Beirut for å rapportera om ei hending. Men det var ikkje berre dumt, det. Då fekk eg god tid til å tenkja over det eg skulle seia. I dag har ein ikkje alltid høve til å førebu seg lenge nok, og sjansen for at ein seier feil eller feilinformerer er større, seier Tveit.

Samstundes er yrket slik det alltid har vore.

– Nyhendereportasjer er ganske rett fram: finn ut kva som skjer, og finn ut kvifor det har skjedd. Ein svensk reporter sa til meg: Karsten, når du vert tv-reporter er det to spørsmål som er viktige. Det fyrste er “hur er läget?” og det andre er “varför det?”. Du bruker det andre svaret, fortel Tveit.

– Den neste blir den beste

37 år etter det fyrste korrespondantoppdraget er ein av landets mest anerkjende utanriksreportarar 69 år. I desember rundar han sytti, og like over nyttår går Tveit av med pensjon. “De skyldige” blir ikkje den siste utgjevinga.

– Eg plar bruka omkring fem år på ei bok. Så får me sjå neste gong, seier Tveit, som ikkje vil røpa kva tema han vil ta for seg.

– Du er aldri betre enn det neste du gjer. Den neste boka skal bli den beste.

Kommentarer