This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

– Kva skal politiet gjera? Blir eg stoppa finn eg alltids på ei unnskulding, seier han.

Yrkestransportlova seier at den som vil driva persontransport med motorvogn må ha løyve. Det same gjeld den som utfører persontransport mot betaling på liknande måte som drosje, når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass. Lova gjev heimel til å straffa den som “med vilje eller aktløyse bryt eller hjelper til med å bryte lova”.

Nettopp denne definisjon om offentleg plass har skapa hovudbry for politet og drosjenæringa. I Stavanger vart nyleg utviklarane av transport-appen “Haxi” frikjend for å ha teke betalt for persontransport utan løyve. Men sidan yrkestransportlova seier at tilboda om transport må vera retta på offentleg plass, slapp dei tre sikta unna. Retten fann ikkje at tilbodet om transport var blitt retta på offentleg plass.

Politiet vil ikkje la seg intervjua

Politioverbetjent Øystein Frotaule, opplyser til BSTV at politiet treff på ein del utfordringar i møte med piratdrosjane. Frotaule seier at politiet ikkje vil la seg intervjua om pirattaxitrafikken i Bergen. Grunnen er at politiet ikkje ynskjer å gje den svarte næringa ytterlegare merksemd.

– Det er ingen velvilje her på huset til å stilla til intervju med BSTV. Me vil ikkje bidra til at fleire driv ulovleg persontransport.

Han opplyser at politiet har få ressursar, og at det er ressurskrevjande å ta pirattaxisjåførar.

Reglementet gjev mellom anna ingen klare svar på kva tid ein person bryt lova, difor er det vanskeleg å definera når ein person gjer seg skuldig i ulovleg persontransport, opplyser Frøthaude.

Hittil i år har 15 personar fått forelegg etter yrkestransportlova. Ved fyrste overtredelse får sjåførar 8.000 kroner i bot og avklippa skilt. Andre gongen stig summen til 10.000. Ved tredje forseelse får sjåføren 15.000 kroner i bot, i tillegg inndreg politiet køyretøyet, fortel Frotaule.

Mykje tyder på at svært mange unge er godt klar over piratsidene på mellom anna Facebook. Ynskja køyrerute, forslag til pris og diskusjon av pris skjer openlyst på de lukka Facebook-sidene for Bergen og kommunar i regionen. Éi gruppe har rett i underkant av 13.500 medlemer.

Truga med kniv

Dei opne gruppene gjev brukaren ingen garanti for at personen ein tek kontakt med er til å stola på.

Elise Eide Gildernes nytta seg av tenestene før. I fjor tok ho piratdrosje frå sentrum til Olsvik i Loddefjord. Etter å ha avtala hundre kroner for turen, vart Gildernes truga med kniv då ho skulle ta ut pengar. Mannen skulle ha fem hundre.

– Eg hadde ikkje anna val enn å betala. Han visste kor eg budde.

Gildernes har lært av hendinga. Ho sit aldri på med personar ho ikkje kjenner.

– Aldri. Då tek eg heller buss, seier ho.

“Tommy” har høyrt liknande historiar. Han har også høyrt om personar som har teke betalt i form av seksuelle tenester for å køyra kvinner heim. Andre sjåførar har forgripe seg på jenter i passasjersetet, fortel han.

– Eg veit ikkje kva eg skal seia. Det er overgrep. Eg synest det er frykteleg leitt.

– Taxisjåførar køyrer pirat

– Skriv eg eit innlegg på ei side på Facebook, og spør om nokon kan køyra meg, tippar eg at får ti meldingar i løpet av nokre minutt, seier “Tommy”.

Før klokka er elleve har han oppdatert over 13.000 personar i to Facebook-grupper om at han køyrer i kveld.

– Det verkelege “køyret” byrjar ikkje før i 3-4-tida, når køane byrjar i sentrum. Då kan det gå i eitt til klokka er 5 eller 6. Nokre timar etter det byrjar folk å våkna frå nachspiel, og treng skyss heim. Ofte kan det gå i ett gjennom natta og morgonen, fortel mannen i 20-åra.

Han starta med piratkøyringa fordi han likte å køyra bil. Fyrst køyrde han berre på kompisar og kjende, men no er han eitt av mange alternativ til skuleelevar, studentar, utelivsbaronar – og drosjesjåførar.

– Eg veit om fleire drosjesjåførar som køyrer pirat når dei har fri – for å spe på inntekta.

“Tommy” svarar SMS, chatmeldingar og “snaps” medan han passerer drosjehaldeplassane i sentrum.

– Eg meiner at eg ikkje er ein piratsjåfør. Dei som står oppstilt i byen og oppsøker ukjende, det er dei som er piratsjåførar. Sånn ser i alle fall eg på det.

Taxisjef krev strengare straff

Administrerande direktør i Bergen Taxi, Jan Valeur, er djupt ueinig.

– Køyrer du 10 kompisar til byen ein laurdagskveld, for fem hundre eller tusen kroner, så har du kryssa grensa. Då køyrer du ulovleg.

Han seier piratverksemda har med samfunnshaldning å gjera. Tek ein piratdrosje snyt ein samfunnet for skattepengar.

Valeur er ikkje nøgd med at politiet har teke 15 personar i år.

– Det er bra politet har teke femten, men talet er ikkje representativt for kor mange som køyrer ulovleg.

Han meiner strengare straff i form av høgare bøter og tidlegare inndraging av køyretøy er tiltak politiet bør vurdera.

“Tommy” avviser kontant at han har dårleg samvit for at han køyrer svart.

– Skal eg seia det same til handverksarbeidarar som arbeider svart? Eg missa nyleg jobben min mykje på grunn av svart arbeid.

 

 

 

Kommentarer