This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Ved Norges Kreative Høgskule (NKH), viser fleire studentar misnøye med at uante utgifter dukker opp ved skulestart. Spesielt interiørstudentane vart overraska når dei måtte ut med fleire tusen kroner dei ikkje visste om.

Informasjonsbehov

Hanne Lekven fortel at mykje pengar går til ekstrautstyr som studentane ikkje har fått informasjon om at dei må betale for før dei startar. Ho studerer interiør på andreåret ved Norges Kreative Høgskule, og fortel at dette har vore eit samtaleemne i klassen sidan dei starta.

– Først og fremst er det dette med informasjon, og fortelje at dette er eit studium som kjem med ekstrautgifter, og at det fort kan bli dyrare enn det i utgangspunktet kostar, fortel Lekven.

Over telefon fortel avdelingsleiar for fagskulestudier ved NKH, Kari-Mette Winge, at ein ved slike praktiske fagskulestudier heller bør kjøpe ein utstyrspakke enn ei pensumbok, som ein ville ha gjort ved eit teoretisk studium. Ho fortel at leiinga tar studentane sine tilbakemeldingar på alvor og at det er rom for forbetring.

– Vi kan verte flinkare til å informere om det, og tydeleggjere dette overfor studentane før dei startar på studier, konstaterer Winge.

Ho seier ho forstår at det å plutseleg skulle ut med ei utgift du ikkje er førevar på ikkje er ein god følelse.

Må ha ekstrajobb

Hanne Lekven fortel at lange dagar fratar fleire studentar moglegheita til å tene ekstra pengar.

– Som interiørstudent har vi ganske lange prosjektperiodar. Vi sitter ofte fleire timar på skulen, kanskje tolv timar ut mot kveldingane og jobbar. Då er det veldig vanskeleg å ha ein fast jobb eller ein ekstrajobb på si, og ein treng eigentleg ein ekstrajobb for å dekke dei utgiftene som ein har på skulen, fortel studenten.

Maria Skogvold går i same klasse som Lekven og fortel at ho har ein jobb som passar med dagane hennar, men at det ikkje er alle som er så heldige.

– Det er vanskeleg å få til å ha ein ekstrajobb på si. Så er det også slik at folk er forskjellige. Nokre har foreldre som kan støtte dei økonomisk under studietida, men det er ikkje alle som har den moglegheita. Då blir ein på ein måte litt tvungen til å ha ein jobb ved sidan av. Det kan bli mykje, seier Skogvold.

Prøver å bidra

Studentane lurer på om ikkje noko av studieavgifta er nok til å dekke i alle fall deler av utstyret.

– Det hadde vore hjelpsamt med eit større utstyrsstipend, men når ein betaler så mykje i semesteravgift så lurer vi litt på kor dei pengane går. Vi vil på ein måte ha tilbake for det vi har betalt til skulen, og at dette kunne inkludert utstyr, fortel Hanne Lekven.

Avdelingsleiar Kari-Mette Winge fortel at det er mykje som blir dekka av studieavgifta.

– Drift og innkjøp av det som er nødvendig utstyr til dei ulike utdanningane, det er dekka av studieavgifta. Men praktiske fagskulestudier krev eigentleg at ein driv på med faget sitt også etter skuletid. Derfor er det noko utstyr som blir anbefalt at ein kjøper, forklarer avdelingsleiaren.

Ho fortel at dei ser på behova til studentane.

– Vi prøver å bidra der det er mogleg til dei tinga studentane kanskje har behov for, fortel ho.

Dei to interiørstudentane fortel at dei elles er nøgde med studiene.

– Det skal ikkje stå noko på skulemiljøet og lærarane, dei er utruleg flinke, så eg er veldig fornøgd med skulen, fortel Skogvold.

Kommentarer