This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

I mediebiletet idag er det mykje fokus på eit aukande tal flyktningar og asylsøkjarar i Noreg. I tillegg til dei som kjem no, er det mange som allereie har vore her lenge. Etter å ha budd 7 år på asylmottaket i Ytre Arna kunne Fahad AlRantisi og familien nyleg flytte til sitt eige hus med permanent opphaldsløyve.

– Eg trudde ho ikkje først, men då eg såg ho byrja å grine, då trudde eg på ho, fortel Fahad. Mora hadde kome på skulen for å fortelje borna at dei hadde fått fast opphaldsløyve. Det tok ikkje lenge før heile skulen fekk vite det, og då fekk Fahad gratulasjonar frå alle kantar.

Moderlandet står sterkast
Oliyad Sorry fekk òg nyleg opphaldsløyve, saman med delar av familien. Det feira dei med fyrverkeri og kaker like etter nyttårsafta, samt ei samtale til kjende i heimlandet Etiopia. Oliyad er klar over at det framleis er mange der ute som prøvar å kome seg til andre land for å sleppe unna ein dårleg situasjon, noko han meiner Noreg bør hjelpe dei med.

– Det er mange nordmenn som bør lære seg kva ein asylsøkar er, seier han, og legg til at Noreg burde bruke pengar på asylmottak for å hjelpe dei frå til dømes Syria som ikkje har det så godt. I Noreg trur han dei kjem til å få det bra, slik som han. Fahad, Shahad og Oliyad har alle vore lenge i Noreg, men når dei vert spurde kvar dei kjem frå er det ikkje Noreg som står øverst på lista. Fahad og Shahad har budd over halve livet sitt i Noreg, men nasjonalitetskjensla ligg likevel hjå moderlandet

– Eg svarar alltid at eg kjem frå Qatar. Det er der eg er fødd, og når eg er heime snakkar vi alltid arabisk, fortel Shahad.

Fotograf og fotballspelar
Nasjonalitetskjensla til trass, føler dei seg vel i Noreg. Shahad er bestemt på at ho vil bli i Norg, og vil jobbe som fotograf. Fahad og Oliyad har andre mål, og nyttar mesteparten av tida si på fotballbana.

– Eg likar best Messi, Neymar og Suarez, seier Oliyad, og legg til at han gjerne kunne tenke seg å bli den neste Martin Ødegaard.

Så får vi berre krysse fingrane for at han og Fahad helst vil representere Noreg når dei tek på seg landslagsdrakta ein gong i framtida, medan Shahad sørgjer for å forevige det heile med kameraet sitt.

Kommentarer