This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

I to år har Ali Watti budd i Solheimslien med utsikt over innseglinga til Bergen. Då han søkte om asyl i 2009, fekk dei færraste syriske flyktningane opphald i Noreg. I dag er situasjonen ein heilt annan.

Åtvarar mot generalisering

Over 11 millionar syrarar er på flukt. Om lag fem prosent av desse prøver lukka i Europa. Dei siste dagane har mellom 80 og 100 syrarar kryssa grensene til Noreg kvar dag.

Media har veksla mellom å bruka omgrepa immigrantar og flyktningar om syrarane. Bak omgrepa skjuler det seg kompetanse, jobberfaring og eit sterkt ynskjer om å bidra. I framtida vil mange av våre nye landsmenn verta ein tilvekst og ressurs i det norske velferdssamfunnet, meiner Watti.

– Me kan ikkje generalisera alle flyktningane som kjem til landet. Dei fleste flykter fordi dei har mista familie og heim.

I dag arbeider Watti ved NAV-kontoret i Fjell kommune. Han arbeider med NAV sitt introduksjonskurs for flyktningar.

– Eg gjev flyktningane tips eg sjølv har lært av. På den måten slepp dei gjera mange av dei same feila eg gjorde i byrjinga, fortel Watti.

To år er gått sidan opphaldsløyvet vart gjeve. Sidan då har han søkt om godkjenning for å arbeida som lege i Noreg. I mars leverte han inn det han håpar var dei siste papira.

– Det er så mykje byråkrati inne i biletet. Eg har ein fast jobb å gå til, men det er ubehageleg å ikkje få gjera det eg er utdanna til. Det er best å få arbeida i sitt eige yrke, seier Watti.

– Krigsbidrag er negativ hjelp

Watti frarår nordmenn og andre vestlege å reisa til Syria for å kjempa mot IS (den Islamske stat). Nyleg vart ein nordmann bortført og teken til fange av IS. Watti meiner nordmenn kan hjelpa på andre måtar enn å reisa i krigen. Det vil skapa meir uro i eit allereie belasta krigsområde, meiner syrisk-kurdaren.

– Folk kan bidra gjennom ulike organisasjonar eller læra flyktningar som kjem til Noreg språket. Då har du hjelpt på ein positiv måte. Om du reiser ned til Syria, hjelper du på ein negativ måte. Der nede er du i ein krigssone. Anten vert du drepen, eller så drep du sjølv, seier Watti.

Watti meiner nordmenn ikkje har grunn til å frykta IS-sympatisørar blant flyktingane som kjem til landet. Han åtvarar mot å generalisera heile folkegrupper, og minnar om at dei fleste har mista familie, hus og heim.

– Dei fleste som kjemper i Syria er framandkrigarar. Folk er utanlandske, mellom anna med vestleg, russisk eller nordleg afrikansk bakgrunn. Eg tvilar på at dei vil marsjera attende. Eg ynskjer ikkje at IS-sympatisørar skal nytta flyktningstraumen til å spreia sin bodskap og sine representantar. Eg meiner folk som er skuld i brotsverk skal dømmast og straffast. Noreg har grundige intervjurundar. Er personen skuldig i krigsbrotsverk, vert han sendt ut, seier Watti.

Byd nettroll på kaffi

Watti har skrive mange avisinnlegg og kronikkar om situasjonen i Syria. Han er mellom anna medlem i Bergen turistforeining, den norske syriakomitè og kurdisk kulturforum i Hordaland. Han har for lengst slutta å lesa kommentarane.

– Eg likar å få tilbakemelding på det eg skriv, men eg har slutta å lesa i kommentarfelta. I eine augneblinken diskuterer ein noko viktig, og i den andre er det full diskusjon om Bybanen, seier han.

Watti meiner mange som ytrar seg i det offentlege rom har for lite kunnskap.

– Mange sit fastlåst bak ein dataskjerm med eit bilete som ofte er feil. Les eg ein kommentar frå ein i Bergen, tenkjer eg at det beste hadde vore å sitja seg ned med ein kopp kaffi å diskutera. Med diskusjon kan ein koma langt. Me bur begge i eitt samfunn, og bør difor jobba saman, ikkje diskutera og laga mur mellom innbyggjarar, avslutter den legeutdanna syraren.

 

 

Kommentarer