This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Onsdag var det klart for ein ny runde med «Micetro» eller «maestro» som det uttalast, på Kvarteret i Bergen. Konseptet er enkelt; alle som vil kan møte opp på ein «workshop» der dei lærer det grunnleggjandee ein må kunne om improteater, for deretter å bli delt inn i lag og ha ei forestilling seinare på kvelden.

Bergens svar på «Who’s Line is it Anyway»

Improvisasjonsteater eller «Improen» foregår heilt utan regler, og alle scenenene er improviserte, heilt utan manus og regi. To lagleiarar utfordrar kvarandre i ulike «leikar» som, ved hjelp av publikum, blir til ei scene, som enkelte deltakarar frå kvart lag må spele ut. Når begge laga har spelt ut scenene dei har blitt utfordra i, veljer publikum, i form av applaus, kven som hadde den mest underhaldane scena. På slutten av kvelden vertt det kåra ein vinnar.

Åpent for alle

Micetro har ei fin blanding av erfarne improvisatørar, og nybyrjarar. Dette skapar eit fint miljø der ein kan lære frå dei som har vore i gamet ei stund, samstundes som ein har andre nye som er på samme nivå som ein sjølv. Leiar for Bergen Micetro, Mathias Kolberg Eriksen, meiner at den einaste regelen i improvisasjonsteater er å slappe av.

– Du kjem uansett til å drite deg ut, så det viktigaste er berre å slappe av og ha det moro, konstanterar Mathias, som sjølv har drive med improvisasjonsteater i fleire år, og er med i gruppa «Generell Improkompetanse».

Til å anbefale

Når ein deltar på slike arrangement lærer ein mykje om seg sjølve. Ein trur gjerne at ein er litt tøffare, og meir kreativ, enn det ein faktisk er, når ein blir satt på prøve. Det er naturlig nok relativt ubehagelig den første stunda, ettersom ein må by veldig mykje på seg sjølv, men ein lærer til slutt å tre inn i ei slags rolle, som gjer det enklare å utføre scenene ein blir kasta inn i.

Det er ingen tvil om at improteater ikkje er for alle, men det anbefalast fortsatt på det sterkaste å møte opp på «Micetro», om ikkje anna enn for å vere publikum. Når ein kjem heim att, kjenner ein seg bortimot fødd på ny. Bergen Micetro blir arrangert to gangar i månaden på Kvarteret, og har eigne Facebook-sider der ein kan følgje aktiviteten.

Kommentarer