This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Onsdag 23. september vart Stoltzenyoga arrangert for hundrande gong. Her kan dei som vil kombinere fjelltur med yoga få ta seg ut. Kine Charlotte Solend er yogainstruktør, og starta opp tilbodet.

– Det var lite folk inne på timane om sommaren, og då tenkte eg at folk ville vere ute, fortel ho.

Kan redde verda

Kvar gong ein opplever smerte, anten fysisk eller psykisk, så er det ein automatikk i å puste kortare, fortel Solend.

Pust er ein viktig del av timane hennar. Det er fleire grunnar til dette.

Å puste kortare gjer at ting set seg i kroppen, anten som blokkeringar, stramme musklar eller stive ledd. Dette er hovudårsaka til at det er så viktig å fokusere på pusten vår, fortel yogaintruktøren.

Hovudmålet hennar har vore å spreie kunnskap om pust og røyrsle, og på Facebook-hendinga til den hundrande Stoltzenyogaen skriv ho at «pusten kan redde verda».

Vil ha større platting

Instruktør Solend fortel at tilbodet har hatt ein aukande popularitet.

Det første året var det kanskje sånn mellom ti og tretti som deltok, og viss vi var mange så var vi førti, men sommar nummer to tok det heilt av, seier ho.

Trass i regnværet denne onsdagen var plattingen på Stoltzekleiven full av deltakarar. Solend fortel at dei gjerne skulle hatt større plass.

Vi har lyst på større platting, seier ho og ler.

Kommentarer