This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

– Eg er veldig takksam for at eg fekk komme til Noreg. Eg har sjølv vore flyktning, og veit korleis det er, fortel Leo Ajkic. Han var blant dei som heldt appell på Festplassen då innbyggjarane i Bergen samla seg for å vise solidaritet til menneska som no flyktar frå Syria. 

Flyktningskrise

Verda står no ovanfor den største flyktningkrisa sidan andre verdskrig. Den pågåande krigen i Syria har drive over 11 millionar menneske på flykt. Vi opplever med andre ord verdas største humanitære krise.

Intensiteten i debatten om flyktningkrisa har dei siste vekene auka både blandt politikarar og privatpersonar i form av innlegg på sosiale medier. Medan nokre meiner at ein bør hjelpe flyktningane der dei er, meiner andre at det er både husrom og hjarterom for å sleppe flyktningane inn i Noreg.

Medan debatten rasar i Noreg, har land som Libanon, med langt færre innbyggarar enn Norge, allereie husa over to millionar syrarar. Ein ser òg at i nabolandet vårt Sverige, vert det teke imot ein langt større andel flyktningar.

#EuropeSaysWelcome

Den 12. september samla heile Europa seg for å vise solidaritet og støtte til menneska som no er på flykt. På Festplassen i Bergen vart det også haldt ei markering, arrangert av privatpersonar med eit brennande engasjement. Ei av desse ildsjelene er Julia Jin, som saman med tre andre står bak planlegginga.

– Vi såg at det skulle vere ei europeisk markering og tenkte at det ville vi også være med på, fortel ho.

Heile festplassen var dekka av menneske i alle aldrar og kjønn og arrangøren var særs nøgd med oppmøtet.

– Det var overaskande at så mange møtte opp, seier Julia.

Har sjølv vore på flykt

Ein av dei som stod på scena denne dagen var den kjende tv-personlegheita Leo Ajkic.

–  Eg bestemte meg for å  halde ein apell fordi eg sjølv har vore flyktning. Eg vil dele mine erfaringar, fortel han.

Mange av dei som stilte på markeringa har forskjellige politiske meiningar. Leo meiner at ein bør finne ein måte å bidra med som passar ein sjølv, uavhengig av politisk standpunkt.

– Eg har vore på flykt i fleire land, og det einaste eg visste med sikkerheit var at eg ikkje ville forlate heimlandet mitt. Det var ikkje slik at vi gjorde det på “gøy”, vi var ikkje “lykkejegarar”, men situasjonen der vart aldri betre, så derfor måtte vi kome til Norge.

 

 

 

Har du tips til saker som kan være noe for Bergen Student-TV?
Kontakt redaksjonen på: tips@bstv.no

Kommentarer