This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Valet er like rundt hjørnet, og dei politiske partia står på stand kvar dag i håp om å nå ut til veljarane. Spørsmålet er kva det er som får folk til å stogge på stand: kaffi eller politikk?

På Torgalmenningen finn vi alle dei politiske partia samla, med det same målet: å tiltrekke seg potensielle veljarar til sin stand. Taktikken er ulik: nokre satsar på store vimplar og nokre satsar på drops og ballongar. Dei fleste hadde likevel ein fellesnemnar i taktikken sin, som Daniel Charles Hextall (SV) oppsummerte greitt.

– Vi lokkar med kaffi, innrømmer han.

Næring er tiltrekkande

Kaffitaktikken er noko som fleire ser ut til å like.

– Det skadar ikkje med kake eller kaffi hvis dei ulike partia kan tilby det, innrømmer forbipasserande Iris Kristine Fanske.

Også studentane ser verdien i at partia deler ut gratis kaffi.

– Som student da, så vil eg sei at gratis næring generelt er tiltrekkande, meiner Jenny Nygaardsmoen.

Ikkje berre kaffi

For andre var derimot kaffien mindre viktig.

– Eg vil jo finne ut kva eg skal stemme på ved lokalvalet, seier Preben Falch. For han var det politikken som fekk han til å stogge på stand. Saman med ein ven hadde han førebudd nokre spørsmål for å finne ut kva dei ulike politiske partia står for.

Kombinasjonen av kaffi og politikk såg ut til å fungere godt, og Torbjørn Vereide, som passerte forbi på Torgallmenningen denne dagen, såg verdien av ei god blanding.

– Viss ein kan prate litt god politikk, og i tillegg nippe på litt varm og god kaffi, så er jo livet perfekt, meiner han.

Så står det att å sjå om det er kaffien eller politikken som er avgjerande for utfallet av valet.

Kommentarer