This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Sjukepleierar som er rettleiarar for studentar i praksis får ingen økonomisk kompensasjon eller tilrettelegging for det ekstra arbeidet dette medfører. Intensivsjukepleiar, Anne Blystad, meiner at ein form for kompensasjon kan virke som ein motivasjon i ein hektisk jobbkvardag.

Dette er Sjukepleiestudent Haakon Milde einig i. Milde er i permisjon etter å ha hatt eit tungt andre år på studiet. Praksisperioden i andre klasse ved Høgskolen Betanien var nær ved å ta i frå han all motivasjon. Han ønskjer seg ein betre standard og meir kontinuitet i praksissituasjonen.

– Det var like før eg slutta. Ingen kontinuitet, tryggleik eller oppfølgjing gjor praksisperioden ekstremt krevjande, eg måtte heile tida ligge fem steg foran, forklarar han.

Han meiner at yrket ødelegger for seg sjølv og peiker på at Noreg ikkje har råd til å miste ein einaste sjukepleiar. Venner og flinke lærerar gav han styrken til å fortsette. Milde meiner at motiverte sjukepleierar fører til motiverte studentar.

– Det er veldig lett å sjå kven som ikkje er fornøgd med den ekstra jobben som studentane fører med seg. Samstundes så forstår eg det i nokon grad, seier han.

Svært krevjande
Milde har stor forståing for at det er krevjande å ha ansvar for praksisstudentar. Dette kan intensivsjukepleier ved Barneklinikken på Haukeland, Anne Blystad, skrive under på.

– Som sjukepleiarar har vi ein slags fadderfunksjon for studentane. Dette kan vare i mange veker, åtte timar om dagen. Vi skal vere gode rollemodellar fagleg sett, men også hygienisk, teknisk og personleg. I tillegg skal vi stille spørsmål til refleksjon hjå studenten, forklarar ho.

Blystad er sikker på at ein form for kompensasjon vil virke motiverande på sjukepleierane.

– Det skal ikkje så mykje til, ein liten symbolsk sum for eksempel. Eg veit om fleire andre yrkesgrupper som får dette, så eg syntes det er rart at vi ikkje får noko som helst, seier ein forundra Blystad.

Vil kjøpe sjukepleierar meir tid
Fram til 2006 fekk kontaktsjukepleierar ein sum for dette arbeidet. Nestleiar i Hordaland Sykepleierforbund, Lise Karin Strømme, forklarar at midlar som tidligare vart brukt til praksisrettleiing no fordelast til helse- og sosialfaglige prosjekter som fremmer sterkare samarbeid mellom utdanning og praksis.

– Eg trur nok at mange sjukepleierar ikkje er klar over kor pengar som tidlegare vart gitt til sjukepleierane sjølve, går no. Derfor meiner eg at fleire bør engasjere seg ut over sin eigen jobb slik at ein kan få med seg slike ting, oppmodar ho.

Ho fortel vidare om at økonomisk kompensasjon for sjukepleierar som tar på seg paksisstudentar har vore eit pågåande tema i mange år.

– Eg syntes at det er viktig at det skal bli betre tilrettelagt for dei som ønskjer å rettleie studentar i praksis. Men eg meiner at fagleg sett, så bør ein gi desse sjukepleierane betre tid og ikkje nødvendigvis meir i lønn. Dette er noko som stadig blir diskutert, avsluttar ho.

Kommentarer