This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

På sesongens første kajakkurs i regi av Den Norske Turistforening og Godtur.no var fire håpefulle deltakarar klar for ei helg i det våte element. Instruktør Ashley Williams (26) var godt fornøgd med oppmøte og har tru på ein fantastisk kajakksesong framover.

– Det kan virke lite med fire deltakarar, men det er ei passeleg mengde no i starten av sesongen. Når det nærmar seg sommar forventar vi at enda fleire vil melde seg på, fortel ho.

Erling Teigland (26) masterstudent på Norges handelshøyskole er ein av dei som har meldt seg på kajakkurset som fant sted på Nordåsvatnet. Han har berre prøvd kajakk eit par gonger tidlegare og er difor spent på korleis helga vil bli.

– Eg er litt nervøs for å sjå ut som ein idiot. Og så er eg spent på om eg klarar å holde balansen, ler han.

Vanskeleg å holde balansen

Vel inne på land etter fyrste prøvetur møter vi ein våt, men blid Teigland. Å øve på å gå rundt med kajakken var ein del av kursprogrammet, men Teigland tok ansvar sjølv.

– Eg missa balansen og gjekk rundt, då fekk eg litt panikk, ler han.

Instruktør Ashley Williams (26) seier at fokuset på kurset er sikkerheit. Det er viktig å lære seg korleis ein skal berge seg sjølv når ein hamnar i vatnet.

– Det vanskeligaste med kajakkpadling trur eg er balanse, det er det mange som strevar med i byrjinga, fortel ho.

Kajakk passar for alle

Williams fortel om ei stor interesse rundt kajakkpadling. Særleg dei siste ti åra har aktiviteten tatt seg opp i Noreg.

– Kajakk passar for alle, og ikkje minst så passar det i all slags vær. Sånn sett er det ein fin aktivitet å drive med i Bergen, fortel ho.

Williams oppdaga kajakkpadling då ho jobba på ein internasjonal skule på Fjaler. Der var det fri tilgang til kajakkar, og med sjøen rett utanfor dørstokken tok det ikkje lang tid før ho var hekta.

– Eg trur dei fleste byrjar med kajakk fordi det er ein fin måte å oppdage naturen på. Ikkje minst så er det veldig god trening, seier ho.

Den ivrige instruktøren fortel vidare at dersom ein vil starte med kajakkpadling kan det vere lurt å melde seg på eit kurs eller å melde seg inn i ein klubb.

 

 

Kommentarer