This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Tonje Løseth (24) er definitivt eit studenttalent. Ho spelar for handballklubben Tertnes, samtidig er ho i ferd med å fullføre ein mastergrad i finans ved Norges Handelshøgskole. I 2013 fekk ho sin debut på A-landslaget, og det gav meirsmak.

Ho har som mange andre følgd nøye med på Noregs gulljenter på TV-skjermen. Frå ein tidleg alder ville ho bli som dei. No er Løseth nærare enn nokon gong ved å nå barndomsdrøymen.

– Eg har fokus på å holde meg skadefri, trene riktig og målretta. Motivasjonen er ein fast plass på landslaget, og eit liv som profesjonell handballspelar, slår ho fast.

Balansekunst
Ho studerer ved Norges Handelshøyskole, det har ho gjort i snart 5 år.  For Tonje Løseth har det aldri vore eit alternativ å ikkje ta høgare utdanning. Ho tok bachelorgrada på fulltid, men ho bestemde seg for å ta masterstudiet på deltid.

– Slik som eg har det no så får eg god tid til å kvile og restusjon, det fekk eg ikkje før, forklarar ho.

Løseth fortel at kombinasjonen toppidrett og studie har gått bra til no. Likevel har det vore nært ved å skape store komplikasjonar for Tertnes-spelaren.

– Det var ein gong vi skulle spele i Europa og ein eksamen hamna på same dato. Det gjekk nesten skeis, men heldigvis løyste det seg. Eg reiste til kamp ein dag seinare enn dei andre, slik at eg fekk ta eksamen, fortel ho om den stressande situasjonen.

Sjølv om ho har funnet ein god balanse mellom studiet og toppidrett innrømmer 24-åringen at det har vore tøft til tider.

– Eg har for eksempel gått glipp av mykje sosialt på skulen. Det er litt trist, men det handlar rett og slett om prioriteringar som eg må gjere for å bli best mogleg, seier ei bestemt Løseth.

Proffdrøymen
Allereie som 7-åring vart ho frelst av handballen. Sidan har ho aldri sett seg tilbake.

– Eg dreiv med symjing og teaterspel, men det var liksom handball som var det kjekkaste, seier den talentfulle jenta.

Ho har opplevd mykje på handballbana, men det største er å kjempe om sølv og bronsemedaljar i Oslo spektrum.

– I Grundigligaen, som er eliteserien for kvinner, er Larvik vanskeleg å gjere noko med. Så det blir ofte ein kamp om andreplassen, fortel ho.

Kva framtida vil bringe er uvisst. Ho har ein drøym om profftilvære, men då må ho truleg få tilbod frå ein utanlandsk klubb.

– Eg har ingen klare tankar om kor eg kunne tenke meg å spele, eg har eit mål om å kunne leve av handballen same kor det måtte vere, avsluttar den målbevisste Tertnes-spelaren.

 

Kommentarer