This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Skeivt arkiv er etablert som eit prosjekt under Avdelinga for Spesialsamlingar ved Universitetsbiblioteket i Bergen, og inneheld arkivmateriale frå heile landet. Prosjektleiar Runar Jordåen, fortel at forarbeidet til prosjektet starta for fleire år sidan.

– Vi har jobba lenge med dette, og eg trur at det er positivt at vi har fått stønad frå så mange hold. Det gjer at vi faktisk kan gjere dette på ein skikkeleg måte og sørgje for at alt arkivmaterialet vert forvart med den vørdnaden det fortener, seier Jordåen.

Alt materiale kan nyttast

Jordåen fortel at dei samlar inn alt frå gamle buttons med diverse homokamprop som “Gay, proud and angry”, til tidsskrifter frå til dømes Lesbisk Rørsle i Telemark. I tillegg har dei fått med private arkiv frå aktive forkjemparar i homokampen som til dømes Karen-Christine Friele og Gro Lindstad.

– Mange privatpersonar sit i tillegg inne med personlege erfaringar, utan at dei nødvendigvis har konkrete dokument, bilete eller likande, og desse dokumenterer vi gjennom videointervju, seier Jordåen.

Joakim Aadland, kommunikasjons- og informasjonsrådgjevar i Landsforeininga for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar, seier seg einig i at arbeidet med Skeivt Arkiv er særs verdifullt.

– Homohistoria er like viktig som all annan historie, og vi bør kjenne til denne for å unngå at den vert repetert, og ha ei aning om kva det var som faktisk skjedde, seier Aadland.

Ansvar overfor andre

Torstein Dahle, kjent som politisk leiar i partiet Raudt, og opent homofil sidan slutten av 60-talet meiner utviklinga i Noreg er svært positiv.

– Vi er heldige som har leve i ei brytningstid der homofile sine forhold har gått frå full togn og det å leve i skjul, til å kjempe fram ei aksept slik at det å vere homofil har vorte ein fullverdig måte å leve på. Mange av dei som kjempa for dette har spelt ei historisk rolle, og det er viktig at denne dokumenterast, seier Dahle. Han trur at det kan ha betydning for dei som lever mange tiår fram i tid kan få vite kva som skjedde, dels fordi det er historisk interessant, og dels fordi det kan være mykje å lære.

– Skeivt Arkiv representerer ei anerkjenning av at dette er viktig, og det kan vere med på å bidra til sjølvtillit for dei som enno ikkje har teke mot til seg og stått fram som homofile. I tillegg har vi eit ansvar for å vise menneske over heile verda at dei skal kjenne at det er dei verkelege kjenslene og den kjærleiken dei har overfor eit anna menneske, enten det er av motsett eller same kjønn som er det vi skal byggje på. Her i Noreg er vi så heldige at vi kan gjere det, men eg vonar vi kan oppnå at ein skal kunne gjere det også i andre, meir homofiendtlege land, avsluttar Dahle.

Møter framleis fordommar

Fordi om Noreg ligg i toppsjiktet blant land i verda når det kjem til likestilling, fortel Aadland at det framleis fins fordommar her også.

– Ofte er fordommane meir personlege, og det går som regel ut på stigmatisering og er basert på fåkunne og dårlege kunnskapar. Dette ser vi særskildt i visse miljø, slik som innan idrett og i nokre religiøse grupper. Vi i LLH ynskjer å ta tak i dette, og jobbar stadig mot eit meir fordomsfritt Noreg der folk skal få leve som dei sjølve vil, seier Aadland.

Den offisielle opningskonferansen for Skeivt Arkiv finn stad 15. april på det juridiske fakultet i Bergen, og der skal mellom anna Riksarkivaren og rektor ved UiB fortelje om arbeidet med prosjektet.

Kommentarer