This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

13.februar vart Global Divestment Day markert over heile verda, også i Bergen. Ein rekke organisasjonar var samla for å opplyse og oppmode til eit fossilfritt samfunn. Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, kunne i den anledning røpe gode og grønne nyheiter frå gårsdagens styremøte. 

͞     Vi har høyrd rykter om ein ny og grøn strategi. Dette er eit stort steg på vegen mot eit grønare UiB, fortel nestleiaren i Grøne studenter, Johannes Sand Bolstad.

Saman for eit fossilfritt samfunn

Vi møter Sand Bolstad ved ein stand på Torgallmenningen. Saman med fleire andre miljøvennlege organisasjonar markerar han Global Divestment Day.

͞    Dette er ein dag som blir markert over heile verda. Vi oppmodar institusjonar og folk til å trekke seg ut av fossile investeringar. Dette kan for eksempel vere fond i banker som støtter olje, kull og gass, fortel Bolstad.

Rektor er einig i at det er viktig med ein dag som setter fossilindustrien på agendaen.

͞   Dette er ein ressurs som vil ta slutt og som inneberer betydelige klimautfordringar, difor er det viktig og forfriskande med ein diskusjon rundt dette tema, fortel han.

Driver ikkje næringspolitikk

UiB har gitt tilslutning til etableringa av Green stat som i følgje rektor er eit motstykke til Statoil og som skal skape prosjekter knytt til fornybare verdikjeder.  At UiB har investeringar i fossile selskap vil han derimot ikkje gå med på.

͞    UiB har ingen direkte investeringar i det hele tatt, vi har ikkje lov til å investere med statens pengar utan godkjenning.  Vi har derimot fond, legatar og donasjonar frå om lag 60 til 70 forskjellige til en samla verdi av en halv milliard. Desse er underlagt regelverket til lotteri og stiftelsestilsynet.

Nestleiaren i Grønne studenter meiner at avtaler knytt til for eksempel Statoil kan vere hemmande for fornybar forskning, spesielt dersom dei inneberer øremerka midler. Bolstad trur ikkje rektoratet og universitet har fullstendig kontroll over kor alle fond og legater stammer i frå. Han meiner at sjølv om ein kanskje ikkje har makt til å påvirke, så bør ein i alle fall vite kor samarbeidspartnerar har sine investeringar.

Ein grøn strategiprosess

Rektor ved UIBforsikrar om at UiB tar ansvar på forsking og kunnskap knytt til fornybar energi. Torsdag 12.februar på styremøte i fond og legatstyret kom det fram at UiB fremmer eit forslag om å etablere senter både for energiomstilling og klima.

͞    Ved etablere slike senter vil UiB også kunne ta stilling til tema som omhandlar politiske forhold, fortel Olsen.

Han ser for seg at eit eller to slike senter vil vere på plass i løpet av året. Dette er nestleiaren i Grønne studenter særs nøgd med. Han er likevel rask med å peike på at dette ikkje betyr at UiB kan «kvile på sine laurbær» i etterkant av den nye strategien.

͞     Det er heile tida viktig å følgje med og passe på at ein ikkje kjem på etterskot når det grøne skiftet skjer, oppmodar han.

Kommentarer