This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

  «Hæ, trenar du styrkeløft? Du ser jo heilt vanleg ut». Dette har Kine Blummenfelt (23) fått høyre fleire gonger. Ho meiner at ein kan løfte som ein mann, og fortsatt vere hundre prosent kvinne.

Kine byrja som styrkeløftar i januar 2013. Etter eit tilfeldig møte med Alexander Kirketeig, ein av landets og Europas beste styrkeløfterar, vart Kine sitt liv forandra.

– Han sa til meg «om eg får trena deg, så skal eg få deg til europameisterskapet innan eitt år»  det løftet heldt han, og ikkje nok med det, eg vart europameister i markløft, seier Kine med eit smil.  Kirketeig seier at då han møtte Kine såg han eit potensiale som han ikkje hadde venta seg av ei jente på 50 kilo.

Trening, lesing og jobb

Rekkjefølgja varierer, men trening, lesing og jobb skildrar kvardagen til Kine ganske bra. Sjølv om ho er ein av landets beste i sin klasse, er det ikkje luksuriøst å vere styrkeløftar.

– Eg må fortsatt jobbe og studere. Det er mest hedar og ære vi kjempar om, fortel den talentfulle bergensaren.

Kine har nemleg hektiske dagar. Ho jobbar mellom 20 og 30 timar kvar veke og trenar tre timar om dagen. I tillegg til dette er Kine fulltidsstudent og satsar på å bli utdanna til ernæringsfysiolog til sumaren.

Kine merkar på kroppen at det er uheldig å studere så mykje ved sidan av sporten.

– Det er ikkje bra å sitje så mykje i ro, eg får så vondt i ryggen, seier ho medan ho sprett opp av benken.

– Men det skal gjøre litt vondt, det må ein tåle, nikkar ho samtykkande til seg sjølv.

Rivalisering på NM

Styrkeløft er ein idrett der øvingane knebøyg, benkpress og markløft blir gjennomført i gitt rekkjefølgje. Med personlege rekordar på 180 kilo i knebøyg, 80 kilo i benkpress og 165 kilo i markløft har Kine gjort seg kjend som eit stort talent innan idretten. Forventingane var store då vi møtte ho på noregsmeisterskap i Sandslihallen i Bergen.

Med det danske metallbandet Volbeat på øyret pumpar Kine seg opp før ho skal løfte. Ho har eitt mål for dagen, det er å slå Suzanne Svanevik. Kine er på heimebane og har massiv støtte i salen. I knebøyg klarer Kine eit løft på 170 kilo, i benkpress vart alle tre løft annullert for teknisk feil, medan ho avsluttar sterkt med 162.5 kilo i markløft. Likevel,  var ikkje dette nok til å stogga rivalen.

– Eg hadde gleda meg til å slå Suzanne, men i dag var det noko som ikkje stemte. Dette er faktisk det einaste stemnet eg ikkje har fått personleg rekord, fortel ein skuffa Kine.

Om knapt ein månad er det regionsmeisterskap og nye moglegheiter står for tur. Det store målet er å bli tatt opp i landslagstroppen til neste europameisterskap.

– Eg sa til Suzanne etter siste løft at dersom eg blir tatt ut i landslagstroppen då bør ho passe seg, då skal eg ta ho, seier Kine lattermildt.

 

 

Resultat NM, -57 Junior:

1. Suzanne Svanevik 97 56.96 Odin SK 145.0 155.0 155.0 70.0 80.0 100.0 140.0 150.0 165.5* 390.5 453.37 390.5 453.37 1.
2. Hilde Mikkelsen Haugen 99 55.92 Brumunddal AK 142.5 150.0 157.5 70.0 70.0 75.0 130.0 140.0 145.0 372.5 438.77 372.5 438.77 2.
3. Kristine Løvås 90 56.74 Hommersåk AK 90.0 100.0 110.0 65.0 72.5 80.0 100.0 107.5 115.0 287.5 334.82 287.5 334.82 4.
Kine Blummenfelt 87 56.56 Odin SK 170.0 177.5 177.5 82.5 82.5 87.5 150.0 160.0 162.5 332.5 388.19 332.5 388.19 3.

 

Kommentarer