This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Bergen kommune har søkt om midlar frå Transnova til å innføre eit prøveprosjekt der studentar i Bergen kan leige syklar for ein billeg penge. I førarsetet for dette prosjektet sit sykkelsjef i Bergen kommune, Einar Grieg.

– I første omgang er det snakk om mellom 25-30 syklar, talet på syklar kjem av at vi ønskjer å sjå interessa rundt eit slik prosjekt før vi satsar vidare, seier sykkelsjefen. Vidare fortel han at dersom søknaden blir godkjend, kan eit slikt tilbod vere på plass til våren 2015.

Fortsatt på tankestadiet 

Ideen er henta frå byen Gent i Belgia, der betalar studentar om lag 250kr for eit års leige av sykkel. Sjølv om konseptet vil vere det same, kan ikkje sykkelsjefen love at det vil vere lik pris for leige av sykkel for studentane i Bergen.

– Prisen er uviss enno, men det vil vere ein rimeleg pris som studentar kan leve med, forsikrar han. Ideen er enno i tankestadiet, difor er ikkje  sykkelsjefen  heilt sikker på korleis denne ordninga skal gjennomførast.

– Slik det har vore i andre land, har kommune og utdanningsinstitusjonar eller næringsliv samarbeida om ei slik ordning, noko av det same ser vi for oss kan vere gunstig i Bergen, fortel han. Sentrale element som  depositum eller forsikring er han heller ikkje sikker på.

–  Som sagt er dette prosjektet berre i tankestadiet foreløpig, poengterar han.

Bergen er ikkje ein sykkelby, enno.

Grieg understrekar at studentar er ei viktig målgruppe når det kjem til å utarbeide sykkeltilbodet i Bergen. Han meiner at studentar er ein av dei gruppene i samfunnet som syklar mest, og at ein difor må legge til rette for eit gunstig tilbod. Bergen Student-TV var nysgjerrige på kva studentane sjølve tenkjer om ei slik ordning. Som du kan sjå i reportasjen var meiningane delte. Men på spørsmål om korleis dei ser på Bergen som sykkelby var dei fleste einige.

–  Bergen er ikkje noko attraktiv sykkelby per dags dato. Det regnar mykje og  byen har mange dårlege vegar. Det er rett og slett ei ganske skummel affære å sykle i denne byen, seier  Magnus Haug.

Sykkelsjefen fornektar ikkje at sykkelbyen Bergen har mykje å ta tak, men han poengterer at det stadig leggas til rette for sykkelbruk.

– Det vil truleg ta nokon år før alt er slik det burde vere. Nokon stader er det betre å sykle enn andre, innrømmer han.

– Men det er ein pågåande prosess, og eit slikt sykkeltilbod til studentar er eit steg i riktig retning, avsluttar han.

Kommentarer